Vangen kyrkje
kyrkje ved Aurlandsvangen
- Denne artikkelen er om Vangen kyrkje i Aurland, for Vangskyrkja på Voss sjå Voss kyrkje.
Vangen kyrkje er ei einskipa steinkyrkje midt på Aurlandsvangen i Aurland kommune i Vestland.
Vangen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Vangen | ||
Fellesråd | Aurland | ||
Stad | Aurlandsvangen | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Tidleg gotikk | ||
Teknikk | Kistemur | ||
Material | Stein | ||
Tårn | Stopul i tre | ||
Preikestol | Frå 1600-talet | ||
Døypefont | Frå 1928, i kleberstein | ||
Altartavle | Frå 1926, av Anton Lang | ||
Sitjeplassar | Ca. 270 | ||
Diverse | Glasmåleri frå 1926 av Emanuel Vigeland | ||
Vangen kyrkje 60°54′21″N 7°11′17″E / 60.9059°N 7.188°E | |||
Wikimedia Commons: Vangen kyrkje |
Kyrkja vert òg kalla Sognedomen og har vore omtala som Sogn domkyrkje. Ho er den største mellomalderkyrkja i Sogn. Ein reknar med at kyrkja er bygd tidleg på 1200-talet, men at det då var det som sidan vart kor som var heile kyrkja, og at det store kyrkjeskipet vart bygd til på slutten av 1200-talet. Under restaurering i 1860 vart det funne eit skinnbrev datert 1202 i altaret, det er seinare kome bort. Døypefonten frå 1200-talet er i Bergen Museum.
Kyrkja er soknekyrkje i Vangen sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.
Kjelder
endre- Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen,: «Vangen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Red: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7
Bakgrunnsstoff
endre- Om Vangen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Om Vangen kyrkje i Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane
- Eldre fotografi av Vangen kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Vangen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Vangen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.