Varaskål, òg kalla åbryskål, åbrukopp og nopebolle, er eit drikkekar av tre med hol som ein kan sjå igjennom medan ein drikk. Dei fleste verna varaskåler er datert til 1700- og 1800-talet. Dei er runde med holet plassert i midten. Det finst òg varaskåler som er uregelmessige i forma. Dei er gjerne umåla og laga av knutar (utvekstar på tre).

Varaskål frå Telemark datert 1753 med sekundær påskrift frå 1823. No i samlingane til Norsk Folkemuseum. Diameter 28 cm. NF.1906-0447. Innskrifta er sitert i teksten.

Namnet «varaskål» reflekterer at ein skal kunna halda auge med verten eller andre gjester i laget medan ein drikk frå henne. Om slike bollar skriv Magnus Brostrup Landstad: «Paa denne maade kunde ein vare sig for et, svigagtig hug eller deslige, hvilket man derimod ikke kunde naar man sat med en alminneleg stor ølbolle for uden. En sørgelig erfaring havde vel ogsaa her været læremester.»

Slike bollar har òg vore kalla åbryskål, åbrukopp eller nopebolle. Åbru tyder skinnsjuk eller sjalu og med åbruskålen kunne ein halda auge med kjærasten eller ektefellen medan ein drakk. Nemninga nopebolle finn ein på den avbilda bollen frå Telemark. Her heiter den i ei innskrift:

Drik af NoPe BolDen Min Ven
Jev Dig Tid og Rom
Herfor Du se Dig om
Her stor min NoPe Bolles alder 1753.

Ordet «nopen» kan tyda 'knipen' eller 'gjerrig', og nemninga «nopebolle» kan ha samanheng med at denne bolletypen ser stor ut, men rommar lite øl.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Gjærder, Per. 1975. Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø
  • Drikkekar, artikkel i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bd. 3, 1958. Oslo
  • Landstad, M. B. 1853. Norske Folkeviser. Christiania.
  • Midttun, Gisle. 1921. Drikkekar fra landet i 16- og 1700årene. Scous Bryggeri. Mindeskrift til Hundreaarsjubilæet. Kristiania
  • Østby, Jon Birger. 1983. Nomenklatur for drikkestell med tegninger av Torill Sand. Oslo

Bakgrunnsstoff endre