Handelsmesse

(Omdirigert frå Varemesse)

Handelsmesse, industrimesse eller varemesse er ei mellombels utstilling der føretak frå ein industrisektor sel, viser fram produkt og tenester og bygger nettverk med forretningspartnerar.

Frå reiselivsmessa JATA World Tourism Congress & World Travel Fair 2008 i Toyko i Japan.

Varemesser består generelt av tre aktørar: Varemesseselskap som arrangerer messene, leigar ut utstillingsareal, organiserer praktiske gjeremål og liknande; utstillarar, som leiger eit areal der dei bygger ein utstillingsstand og presenterer produkta sine; og besøkande som vitjer messa i tida arrangementet varer. I tillegg til utstillingane kan det òg arrangerast konferansar, seminar og møte under messa, der industrien kan diskutera trendar og utvalde tema. Internasjonale varemesser kan vera ei viktig plattform for selskap som ønsker å eksportera til utlandet. I Noreg hjelper mellom anna Innovasjon Norge og Norsk-tysk Handelskammer norske eksportbedrifter med deltaking på varemesser i utlandet. Lokale styresmakter eig ofte ein del av varemesseselskapa med føremål om å stimulera handel i regionen sin.

Varemesser har opphavet sitt frå den klassiske marknaden i mellomalderen. Byane Köln, Leipzig og Hannover var viktige kryssingspunkt for handelsruter, og her oppstod dei fyrste varemessene. På slutten av 1800-talet fram til 1920 var messene kjende som dei store verdsutstillingane der alle slags oppfiningar blei presentert. Den moderne messa er spesifisert til berre ein industriell sektor eller sal, og har sidan 1950 vore ein viktig metode for eksport i land som Tyskland og USA.

Stiftinga Norges Varemesse er med anlegget sitt i Lillestrøm den mest sentrale messehallutleiaren og arrangøren av messer i Noreg. Anlegget husar i tillegg til messer og utstillingar òg eit stort tal kongressar, konferansar, bankettar, konsertar og andre tilstellingar.

Kjente messer endre

  • Aqua Nor
  • Bygg Reis Deg
  • CeBit
  • Den Tekniske Messen/Industridagene
  • Eliaden
  • GENUS
  • Nor-Fishing
  • Nor-Shipping
  • Reiseliv
  • Sjøen for alle
  • IWA OutdoorClassics

Kjelder endre

  • Kirchgeorg, M., Giese,W., Dornscheidt, W., and Stoeck, N., (2005), Trade Show Management:Planning,Implementing and Controlling of Trade Shows, Conventions and Events, Gabler Verlag, Wiesbaden

Bakgrunnsstoff endre