Opna hovudmenyen
«Dansepiker ved Hjorten Revy- og Varietéteater». Frå Trondheim byarkiv.

Varieté er ei førestilling med stadig veksling av nummer som kan bestå av visesong, dans, akrobatikk, lettare litterær underhaldning og anna. Ordet kan også visa til eit lokale for slike førestillingar.[1]

I moderne angloamerikansk språkbruk kan ordet variety vera ei fellesnemninga på alle typar samansette underhaldningsprogram, som vaudeville, music-hall, burlesk og revy.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «varieté». Store norske leksikon (på norsk). 1. august 2018.