Vasilij Ivanovitsj Surikov (24. januar 184819. mars 1916), var ein russisk kunstmålar, medlem av Peredvizjnikij-gruppa. Fleire av hans måleri er mellom dei mest vidkjende i Russland.

Vasilij Surikov

Fødenamn Василий Иванович Суриков
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 12. januar 1848, 24. januar 1848
Krasnojarsk
Død

6. mars 1916 (68 år)
Moskva

Yrke kunstmålar
Sjanger historiemåleri, portrett
Medlem av Det russiske kunstakademiet
Ektefelle Q122096281
Born Olga Surikova
Vasilij Surikov på Commons
Bronseryttaren ved Isakskatedralen

Liv endre

Surikov var frå Krasnojarsk, han stamma frå sibirske kosakkar. Etter han hadde fullført ei utdanning i heimbyen, studerte han målarkunst i tida mellom 1869 og 1871. Mellom lærarane hans ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg var Pavel Tsjistjakov. I 1877 flytta han til Moskva og slo seg ned der. Her arbeidde han i fyrste tida med nokre imponerande fresker i Frelsaren Kristus-katedralen.

I året 1881 vart han med i Peredvizjnikij-rørsla. Etter han hadde selt eit par historiemåleri, fekk han råd til å legge ut på studieferd til Tyskland, Italia, Frankrike og Austerrike. I 1893 vart han fullverdig medlem av St. Petersburg Kunstakademi.

Historie-målar. Ry endre

Bojarina Morozova, 1887
Yermak erobrar Sibir, 1895, er seks meter langt

Vasilij Surikov vert halden som Russlands fremste målar kva gjeld historie-måleri i storformatet. Hovudverka hans tel med mellom dei mest kjende måleria i russisk målarkunst, endå om han berre laga ni store historie-måleri. Han måla over hundre portrett og mindre studiar.

Moskvas kunstinstitutt samt ei gate i Moskva er kalla opp etter han. I fødebyen Krasnojarsk er det reist eit minnesmerke. I året 1948 vart barndomsheimen omgjort til museum til ære for kunstnaren, der også nokre av hans verk er utstilt. Dei viktigaste verka finst likevel på utstilling i Moskva, ein del i Tretjakovgalleriet medan andre er i Russlands Museum.

Han døydde 1916 i Moskva.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vasilij Surikov