Vasilisa

kvinnenamn

Vasilisa (russisk Василиса) er eit russisk kvinnenamn av gresk opphav (gresk βασίλισσα, basilissa), med tydinga 'dronning' eller 'keisarinne'. Det er den kvinnelege forma av Vasilij, som svarer til det vestlege Basil.[1][2]

Portrett av Vasilisa Kozjina

Namnet blei utbreidd på grunn av den kristne barnemartyren Vasilissa frå 200-talet, og andre tidlege helgenar i den ortodokse og katolske kyrkja. Det var også namnet til fleire tidlege priscesser.

I russisk folkeminne er Vasilisa eit typisk namn på ein eventyrhelt, ofte kalla «Vasilisa den vise» eller «Vasilisa den vene». Heltinna heiter Vasilisa i dei kjente eventyra Froskeprinsessa og Vasilisa den vene. Figurar med dette namnet stig ofte i verda frå å vera ei enkel bondejente til å bli gift med ein prins eller ei prinsesse som giftar seg med helten etter å ha hjelpt han med vanskelege oppgåver. Til forskjell frå mange passive heltinner utfører Vasilisa ofte ei rekkje oppgåver som hjelper henne til å nedkjempa skurken i soga.[3]

Kjende namneberarar endre

Kjelder endre

  1. Satran and Rosenkrantz (2007), s. 285
  2. Superanskai︠a︡, A. V. (Aleksandra Vasilʹevna) (2005). Slovarʹ russkikh lichnykh imën : bolee 7500 russkikh imën. Institut i︠a︡zykoznanii︠a︡ (Rossiĭskai︠a︡ akademii︠a︡ nauk). Moskva: ĖKSMO. ISBN 5699109714. OCLC 62406626. 
  3. Tatar (2002)