Eit vasskilje er ei grense mellom to nedslagsfelt. I eit ås- eller fjellandskap ligg skilje på toppane og ryggane av fjella og åsane, men i flate område eller på høge platå (særleg i myrlendte område) kan skilje vere usynleg.

Dei største europeiske vasskilja (raude linjer) som skil dei forskjellige nedslagsfelta (grå område).

Vasskilje er viktige geografiske, og ofte òg politiske grenser. Vegar og jernbanelinjer følgjer ofte desse skilja for å minimere stigningsgraden og behovet for bruer.

Typar vasskiljeEndra

Vasskilje kan delast inn i tre typar:

Vasskilje er eit hinder for elvefart. I førindustriell tid vart vasskilja kryssa ved at ein bar båtane over land ved visse stader . Seinare vart det bygd kanalar for å binde saman tilstøytande nedslagsfelt.

 
Fjelltoppen Dalsnibba ligg på hovudvasskiljet i Sør-Noreg, mellom den bratte og korte Geirangerelva som renn ut i Geirangerfjorden og Glommavassdraget som endar i Oslofjorden.

KjelderEndra