Vasslangen (frå latin Hydra) er eit stjernebilde hovudsakleg på den sørlege himmelhalvkula, nokre stjerner er rett nord for himmelekvator. Vasslangen er det største av dei 88 moderne stjernebileta og måler 1303 kvadratgrader. Det er òg eit av dei lengste på over 100 grader, og sørenden grensar til Vekta og Kentauren og nordenden til Krepsen.[1] Det har ei lang historie og er eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet.

Vasslangen
Vasslangen
Vasslangen
Latinsk namn Hydra
Forkorting Hya
Genitivsform Hydrae
Symbologi Tilbake til Babylon
Rektasensjon 11 h
Deklinasjon −20°
Areal 1303 kvadratgrader
nr. 1 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne Alphard (α Hya) (1,98. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +54° og −83°

Kjende objekt endre

 
Stjernebiletet Hydra slik det er for det nakne auga.

Stjerner endre

Vasslangen strekkjer seg over ein fjerdedel av stjernehimmelen, men inneheld ingen særskild sterke stjerner.

  • α - Alphard (Alfa Hydrae) er ei oransje kjempestjerne med spektralklasse K3 II-III og storleiksklasse 1,97.
  • γ - Gamma Hydrae re nest mest lyssterk med magnitude 2,99. Ho er ei gul kjempe av spektralklasse G8 III
  • ζ - Zeta Hydrae er ei gul kjempestjerne av spektralklasse G9 II og magnitude 3,10.
  • β - Beta Hydrae er ikkje blant dei fem mest lyssterke stjernene, trass i Bayernemninga og har magnitude 4,28.
  • σ - Sigma Hydrae (Minchir) er ei oransje kjeme av spektralklasse K1 III og magnitude 4,44.
  • ε - Epsilon Hydrae er ei dobbeltstjerne med samla magnitude 3,38.
  • ν - Ny Hydrae er ei oransje kjempe med magnitud 3,12.
  • π - Pi Hydrae er ei oransje stjerne på veg til å bli ei kjempe, med spektralklasse K1 III-IV og magnitude 3,25.
  • δ - Delta Hydrae er ei dobbeltstjerne med magnitude 4,14.
  • W Hydrae er ei aldrande, raud kjempe med magnitude 7,7 som ligg 300 lysår unna. I 2014 oppdaga svenske forskarar det til no tydelgaste teiknet på vassdamp i tette skyer nær stjerna.[2]

Djupromsobjekt endre

 
Den planetariske tåka Abell 33 med ESO sitt VLT-teleskop
 
Den planetariske tåka NGC 3242.

Stjernebilete har tre Messierobjekt og mange andre objekt av interesse.

Stjernehopar endre

Galaksar endre

Tåker endre

  • NGC 3242 (Caldwell 59) er ei planetarisk tåke med magnitude 8,60. Ho vert stundom kalla «Jupitergjenferdet» fordi ho liknar på planeten.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vasslangen

Koordinatar:   10h 00m 00s, −20° 00′ 00″