Vatslav Nizjinskij
Vatslav Fomitsj Nizjinskij (fødd 12. mars 1890 i Kiev, død 8. april 1950 i London) var ein polsk-russisk dansar og koreograf, og blir av mange rekna som den fremste dansaren i ballettens historie.
Vatslav Nizjinskij | |||
| |||
Fødd | 12. mars 1889 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kyiv | ||
Død | 8. april 1950 (61 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | russisk Вацлав Фомич Нижинский, polsk Wacław Niżyński | ||
Aktive år | 1908–1918 | ||
Verka som | ballettdansar, koreograf, dansar, dagbokskrivar, ballettmeister, teiknar, modell | ||
Ektefelle | Romola de Pulszky | ||
Born | Kyra Nijinsky | ||
Prisar | Ordre des Palmes académiques |
Han blei fødd i Kiev i ein russifisert polsk familie av omreisande dansarar. I 1900 begynte han på den keisarlege ballettskolen i St. Petersburg, der han utdanna seg hos Nikolaj Legat og Pavel Gerdt. Han debuterte på Marinskij-teateret i St. Petersburg i 1907 i balletten Le Pavillon d’Armide av Mikhail Fokin. Allereie i ein alder av 18 år dansa han dei leiande partia i mange balletter, blant anna Giselle, Svanesjøen, Tornerose, Ivanotschka og Chopiniana ved Marinskij-teateret. Han var partner for dei store ballerinaene Matilda Ksjesinskaja, Olga Preobrasjenskaja, Anna Pavlova og Tamara Karsavina.
Frå 1907 til 1911 dansa han med fenomenal suksess alle dei leiande partia ved Marinskij-teateret i St. Petersburg og Bolsjojteateret i Moskva, der han var gjestedansar. Kort etter debuten sin blei han stjernedansar hos Djagilev i Ballets Russes, der han dansa i blant anna Le Spectre de la rose, Petrusjka, Le Dieu bleu, Daphnis et Chloë, Cléopâtre, Narcisse, Le Carnaval og Schéhérezade. I 1909 dansa han i den fyrste sesong til kompaniet i Paris i Mikhail Fokines Les Sylphides, og blei verdskjend. Han oppnådde raskt status som Europas fremste dansar.
I 1912 debuterte Nizjinskij som koreograf med L’après-midi d’un Faune, som grunna element av erotikk blei ein skandale. Både den og dei moderne og sensuelle koreografiane av Jeux og Le sacre de printemps er i ettertid blitt sett på som banebrytande.
I 1913 reiste Ballets Russes på turné til Sør-Amerika, og i Buenos Aires gifta Nizjinskij seg med den ungarske grevinna Romola de Pulszky-Lubocy-Cselfalva. Dette fekk Djagilev til å fjerna han frå dansekompaniet då han kom tilbake til Europa. Etter skiljet med Ballets Russes opptredde Nisjinskij med sitt eige kompani i London, Madrid, Wien, Budapest og USA. Samarbeidet med Djagilev blei søkt gjenopptatt i 1916, då Nisjinskij koreograferte og dansa i Till Eulenspiegel for Ballets Russes. Fram til 1917 hadde Nizjinskij opptredd over heile Europa, i USA og i Sør-Amerika. Han blei kalla "le dieu de la danse" (Dansens Gud).
I 1919, i ein alder av 29 år, gjorde eit nervesamanbrot (som blei diagnostisert som schizofreni) slutt på den eventyrlege dansekarrieren hans. Resten av livet var han i ulike sanatorium og sjukehus og skreiv dessutan ei dagbok. Han døydde i 1950 og blei gravlagd på Montmartre i Paris.
Nizjinskij var den fremste dansaren av sin epoke, med ein fantastisk teknikk, dansekvalitet og hittil ukjent ekspressivitet, som kunne oppnå ei perfekt og fullstendig innleving i den utøvde rolla. Nisjinskij blei spesielt kjend for sine hopp. Han kunne hoppa høgt og lett utan å ta nokon synleg fart på førehand. Han var òg ein av dåtidas få mannlege dansarar som kunne dansa en pointe (på tåspiss). Hans kraftfulle, men likevel grasiøse teknikk - hans usedvanlege hopp, virtuositet og dramatiske uttrykk gjorde han til ei legende mens han endå var i verksemd, og han har sidan vore eit forbilde for mange ballettdansarar.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Vatslav Nizjinskij» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juni 2009.