62°22′17″N 05°46′48″E / 62.37139°N 5.78000°E / 62.37139; 5.78000

Vattøya
øy
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ulstein
Høgaste punkt 28 moh.
Areal 0,5 km²
Folketal 0

Vattøya er ei øy i Ulstein kommune, mellom Hareidlandet og Leinøya. Ho er ca. 1200 meter gonger 700 meter stor. Øya er veglaus og utan fast busetnad.

På Vattøya er det funne spor av busetjing frå steinalderen og ei gravrøys frå jarnalderen. I nyare tid var det to gardsbruk på øya allereie tidleg på 1600-talet. I 1915 vart det sett opp eit skulehus på øya. Ho vart fråflytta i 1973. Sidan 2010 er delar av øya del av Sandøya-Vattøya naturreservat.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000
9 31 0

Kjelder

endre
  • Asbjørn Waage, Bygdebok for Ulstein og Hareid, band IV, Ulstein, 1982
  • Kulturminnesøk