Vegårsheimålet
Vegårsheimålet er talemålet i Vegårshei kommune. Det kan likne både på målet som snakkast i Øvre Gjerstad og i Åmli, men au den som snakkast på Holt og på Søndeled.
Kjenneteikn ved Vegårsheimålet Endra
I talemålssamanheng kan ein dele Vegårshei i tre delar. Heilt aust i bygda, har dei berre tjukk l, men ikkje skarre-r, sånn som i i Øvrebygda i Gjerstad kommune. Midt i bygda til dømes på Myra, skarrar dei og har tjukk l, som den einaste plassen i Noreg, og i Vestbygda berre skarrar dei utan tjukk l, sånn som i Holt og i Åmli. Vegårsheiingane seier ikkje kort y, men i staden noko som liknar meir på ein ø. Det blir sødd i staden for sydd og bøgd i staden for bygd.
Om det gamle Vegårsheimålet Endra
Det gamle målet kan minne ein som ikkje er frå Vegårshei eller Gjerstad om dialektane som snakkast i Vest-Telemark og Setesdal. Det er ikkje med uttalen, men med orda. Før i gamal tid snakka folk på Vegårshei meir likt som i Telemark, men har i dei seinare år vore meir likt Agder.
Personlege ord Endra
- Dei seier e, me, dikkon, han, ho/hinner, dei.
- Dei seier du, dikkon, hanses, hoses/hinners, deises,
Vegårsheiordlista Endra
Hus og heim
- Innhus - bustad. Innhusa heime
- Stølpehus - same som stabbur, men at huset står på stolpar
- Stølpe - stolpe
- Bestestaua - stua som berre brukast til best
- Midvælset - stue som ofte ligg mellom bestestaua og eit kammers
- Loft - soverom oppe. Kjøkkenloft, staueloft, kammersloft
- Øverloft - øvste lofte i innhuset
- Nedstaua og Oppstaua - to gardar som er delt og ligg opp etter kvarandre
- Dønna - Døra
- Vønnøye eller Vinnøye - vindauge
- Svåla - gangen
- Plassen - husmannsplass
- Tone (eit eldre ord), tona (eit yngre ord) - Tunet
- Timre - lafta hus
- Høybu - bua som stod på heiane under heislåtten
- Bilhus - hus kor bilane stod, garasje
- Vaskehus - hus ved eit vatn, der kor dei vaska klede eller tørka korn
Arbeid og handarbeid
- Støllejente - fjøsjente
- Sté se - feste seg i teneste
- Gånj - garn
- Bonning - strikketøy
- Binne - strikke
- Speter - strikkepinnar
- Spetegong - 5 speter i eit
- Å lête - å farge
- På lêt - korleis farge
- Heislåtten - slåtten på heiane
- Heimeslåtten - slåtten heime
- Mole kønn - male korn
Små ord, uttrykk og setningar
- Glegg - Nøye
- Porv - vrang, vrien
- Annvint - travelt
- Radi - lettvint
- Ravint - rask
- Ogoskli - forsterka uttrykk (positivt)
- Ense - røre, ta på.
- Ein hente gong - ein sjeldan gong.
- Såmt - ukart, dimt.
Dyr og insekt
- Avåt - innpåslitne inseekt, som mygg, hestebrems og fluar.
- Bøyk - Hestebrems/hesteklegg.
- Bøyketida - tida på sumaren då det er mest klegg og fluar.
Bakgrunnsstoff Endra
- Det e ogsokli - Blad frå Vegårshei mållag.
- Magnhild Selås.