Veivaksel

(Omdirigert frå Veivakselen)

Veivaksel eller veivaksling er ein motoraksel som kan overføre stempelrørsla til drivhjul, mellomaksel eller anna ved hjelp av ei eller fleire veiver.

Veivakselen er markert i raudt på animasjonen.

I ein stempelmotor finst veivakselen under sylinderane og er kopla til stempla ved hjelp av rådar. Når stempla går opp og ned, går veivakselen rundt. I dei fleste motorar er veivakselen kopla til ein girkasse via ein clutch i den eine enden, og har fleire reimhjul i den andre enden som driv kamakselen, vasspumpa, dynamoen og eventuelt vifte, air conditioning, kompressor og så vidare.

Veivakselen går rundt i glidelager, og er avhengig av å bli smurt kontinuerlig.

KjelderEndra