Velferdstinget i Bergen

Velferdstinget Vest, tidlegare Velferdstinget i Bergen, er det øvste studentorganet i Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen), tidlegare Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Det er ei samanslutning mellom studentdemokratia til alle utdanningsinstitusjonane som er tilknytte samskipnaden. Til saman sit det 31 representantar i Velferdstinget.[1] Velferdstinget i Bergen vart stifta 7. oktober 1997.[2]

Føremål endre

Føremålet er å gje studentane i Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde ei felles røyst andsynes Sammen og andre aktørar i studentvelferdssaker.

Velferdstinget avgjer fordelinga av den delen av semesteravgifta som primært går til studentkultur, studentmedia og studentidrett. I tillegg vel Velferdstinget halvparten av styremedlemma i Sammen, inkludert leiar som har dobbeltstemme. Velferdstinget vel òg studentrepresentantar til alle andre råd og utval i Sammen.[3]

Representasjon endre

Dei lokale studentdemokratia tilknytte SiB avgjer sjølve kven som skal representere dei i Velferdstinget. Talet på representantar frå kvart studentdemokrati avgjerast av studenttalet.

Noverande representasjon, sortert etter storleik og mandat[1]:

Alle studentar tilknytte Sammen har møte-, tale- og forslagsrett i Velferdstinget, og kan stille til alle verv som Velferdstinget vel til.

Utøvande organ endre

Velferdstinget sitt arbeidsutval (VT-AU) er Velferdstinget sitt utøvande organ. [4]. Kulturstyret er Velferdstinget sitt utøvande organ i kultursaker.[5] Budsjettkomitéen er Velferdstinget sitt organ for søknadshandsaming og innstiller på fordeling av semesteravgifta kvart år.

Leiarar endre

Velferdstinget har hatt fylgjande leiarar

2017: Mia Milde

2016-2017: Sverre Hartveit

2015-2016: Linnea Reitan Jensen

2014: Tor Sivertsen Prestegard

2013: Anna Gjertsen

2011-2012: Audun Kjørstad

2010: Bjørn-Anders Hind

2009: Katrine Sirnes Hjellum

2008: Erlend Sleire

2007:

2006: Mari Helen Varøy

2005: Erik Sandquist

2004:

2002-2003: Aimar Akholt

2001:

2000: Arild E. Helgøy

1999: Sveinung Fjose

1998: Kjetil Torpp

1997: Ingen leiarkandidat ved konstituerande møte i desember

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Velferdstinget sin samansetnad. Henta 2014-08-30
  2. «Artikkel i avisa Studvest». Arkivert frå originalen 6. april 2012. Henta 24. oktober 2012. 
  3. «Styret til Studentsamskipnaden i Bergen». Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 24. oktober 2012. 
  4. «Om arbeidsutvalet». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 24. oktober 2012. 
  5. «Om Kulturstyret». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 24. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff endre