Veli Kavlak

tyrkisk fotballspelar

Veli Kavlak (fødd 3. november 1988 i Wien) er ein austerriksk fotballspelar av tyrkisk herkomst, som spelar for Rapid Wien i austerriksk Bundesliga. Han har òg landskampar for Austerrike.

Veli Kavlak
Personleg informasjon
Fødd 3. november 1988
Fødestad Wien
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rapid Wien
Nummer 17
Ungdomsklubbar
-2003
2003-04
SK Slovan/HAC
Rapid Wien
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004- Rapid Wien 125 (13)
Landslag
2007-
2007-
Austerrike U21
Austerrike
17 (1)
9 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 8. september 2010

Kavlak debuterte i austerriksk Bundesliga 22. mai 2005, som 16-åring. Frå 2006/07-sesongen var han fast på laget for Rapid Wien. Han har vorte seriemeister i Austerrike med Rapid Wien i 2005 og 2008.

Kavlak debuterte for Austerrike sitt A-landslag 24. mars 2007, som innbytar i ein privatlandskamp mot Ghana.