Velimir Khlebnikov

russisk skribent og poet

Velimir Khlebnikov (9. november 188528. juni 1922), psevdonym for Viktor Vladimirovitsj Khlebnikov, var ein russisk forfattar. Han var ein sentral aktør i den russiske futuristrørsla, med idear som verka vide i europeisk kulturliv i tida etter 1910.

Velimir Khlebnikov

Verkeleg namn Viktor Vladimirovitsj Khlebnikov
Alias Velimir Khlebnikov (Велими́р Хле́бников)
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjet-Russland
Fødd 28. oktober 1885
Malyje Derbety
Død

28. juni 1922 (36 år)
Ruchi, Krestetsky District

Yrke lyrikar, skribent, skodespelforfattar, prosaforfatter, teiknar
Språk russisk
Medlem av Supremus, Chairman of the Globe
Far Vladimir Khlebnikov
Nettstad http://www.hlebnikov.ru
Velimir Khlebnikov på Commons

Liv endre

Viktor Vladimirovitsj Khlebnikov var fødd i 1885 i Malye Derbety i Astrakhan guvernement i Tsar-Russland (noverande Kalmykia). Han var av russisk, armensk og zaporozje-kosakkisk avstamming.[1]

 
Velimir Khlebnikov, måla i 1910 av M. Larionov

Khlebnikov deltok i den mest kjende av dei russiske futuristgruppene, Hylaea. Andre kjende frå Hylaea var Vladimir Majakovskij, Aleksej Krutsjonykh, David Burljuk og Benedikt Livshits. Allereie før futurismen hadde fått oppslutning i Russland hadde han skrive fleire viktige dikt. Mellom sine samtidige vart halden for å vere «poetane sin poet» og eit umerka geni.

Khlebnikov er kjend for dikt som «Trolling gjennom lått», «Bobeobi song leppene», «Grashopparen» (alle 1908-09), «Slangetoget» (1910), prologen til futuristoperaen Siger over sola (1913), dramatiske verk som Dødens feilsteg (1915), prosaarbeidet Ka (1915), og den såkalla «superforteljinga» (сверхповесть) Zangezi, eit slags ekstatisk skodespel, delvis forfatta i kunstspråket zaum.

I si verksemd eksperimenterte Khlebnikov med det russiske språket. Han tok utgangspunkt i røtene til språket og fann opp store mengder nyord, og utforska skilnader i forma og i lydane til enkeltbokstavar i det kyrilliske alfabetet. Saman med Krutsjonykh var han opphavsmann til zaum.

Khlebnikov skreiv futurologiske essays om slike ting som den moglege framveksten av massekommunikasjon ('Radioen frå framtida') og samferdsle og hus ('Oss sjølve og bygningane våre ). Han skildra ei verd der folk lever og reiser rundt i flyttbare glasterningar som kan tilpasse seg skyskraparliknande rammeverk, og der all kunnskap kan spreiast ut over menneskeverda gjennom radio og automatisk framsynast på gigantiske bokliknade skjermar på gatehjørna.

I sine seinare år vart Khlebnikov oppteken av slavisk mytologi og pytagoreisk numerologi, og drog opp lange "Lagnadsplakatar" der han løyste opp historiske tidsrom og datoar og let dei inngå i samspel med tala 2 og 3.

Khlebnikov døydde av slag medan han gjesta venen Pjotr Mituritsj nær Kresttsy.

Småplaneten 3112 Velimir er kalla opp etter han.[2]

Kjelder endre

  1. James R. Russell, "The Black Dervish of Armenian Futurism," Journal of Armenian Studies, 10
  2. «IAU Minor Planet Center», minorplanetcenter.net, henta 2. september 2019 

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Velimir Khlebnikov ved Wikisource.

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Velimir Khlebnikov