Velledalen og Ringen

Norsk fotballklubb

Velledalen og Ringen Fotballag, i munnleg tale alltid VRF, er eit idrettslag heimehøyrande i Sykkylven kommune. Idrettslaget vart danna i 1952 då fotballgruppene i IL Ringen i Straumgjerde og Velledalen Idrettslag slo seg saman. VRF er ein rein fotballklubb som sidan 1971 har hatt heimebane Dalemyra i Velledalen.

Velledalen og Ringen hadde sine beste lag sist frå 1965-talet og eit stykke ut i 1970-åra. Denne perioden hevda VRF seg godt 3. divisjon Møre, der der laget målte seg mot lag som Molde FK, Aalesunds FK, Herd, Skarbøvik IF, Clausenengen og Kristiansund FK. Sidan spelte VRF jamnast i 4. divisjon Sunnmøre.

I 2002 valde Velledalen og Ringen å slå seniorlaget sitt saman med fotballaget til Sykkylven Idrettslag, eit lag som spelte ein divisjon under VRF. Det nye laget, Fotballklubben Sykkylven, deltek i 2019 på nivå 6 i seriesystemet. I 2019 deltek Velledalen og Ringen berre i aldersbestemt fotball.

Kjelder endre