Velvet Goldmine
Song av David Bowie
A-side

«Space Oddity» (1975-utgjeving)

Utgjeve 26. september 1975
Innspelt Trident Studios, London
Sjanger Glamrock
Lengd 3:14
Selskap RCA
Komponist David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Ken Scott

«Velvet Goldmine» er ein song skriven av David Bowie og spelt inn under innspelinga av The Rise And Fall Of Ziggy Stardust And The Spiders From Mars i 1971. Han kom derimot ikkje med på dette albumet og vart til slutt gjeven ut som B-side til den britiske utgåva av «Space Oddity» frå 1975. Bowie skreiv songen som ei heller vaksen skildring av han som kliner med ein annan mann. Samfunnspress kombinert med ei berre halvhjarta interesse i songen, førte til at Bowie skreiv om songen til å bli meir fleirtydig. Tittelen på songen inspirerte til namnet på filmen Velvet Goldmine. Trass i at han berre vart gjeven ut som B-side har songen vorte særs populær hos tilhengjarane til Bowie og finst på minst ei samleplate.

Andre utgjevingar endre

  • Han vart gjeven ut i biletdiskseriane til RCA Life Time og Fashion Picture Disc Set.
  • I 1990 vart han gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Ziggy Stardust. Han finst òg på bonussplata til 30th Anniversary Reissue frå 2002.
  • Songen finst på samleplatene Rare (1983) og The Best of 1969/1974 (1997).

Kjelder endre