62°30′41″N 06°34′06″E / 62.51139°N 6.56833°E / 62.51139; 6.56833

Vemøya
øy
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Høgaste punkt 63 moh.
Folketal 0

Vemøya er ei øy i Ålesund kommune, inst i Ellingsøyfjorden mellom Uksenøya og fastlandet. Ho er veglaus og utan fast busetjing.

Det finst fleire gravrøyser frå bronsealder/jarnalder på øya. I nyare tid har øya iallfall vore busett sidan slutten på 1500-talet. Ho vart fråflytta tidleg på 1960-talet.

Vemøya var del av Skodje kommune den tida den kommunen eksisterte, frå 1849 til 2020.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2]
6 7

Kjelder

endre
  • Louis Giske, Bygdebok for Skodje, band II, Skodje Sogelag, 1986
  • Kulturminnesøk