Venera 4 var ein sovjetisk romsonde til Venus. Han vart skoten opp 12. juni 1967 og var den fyrste romsonden til å senda attende data frå atmosfæren til ein annan planet.

Venera 4 gjekk inn i Venus-atmosfæren på nattsida til planeten 18. oktober 1967. Målingane viste at Venus hadde høge temperaturar og stort trykk. Dei siste målingane sonden gjorde før han truleg vart øydelagd, viste ein temperatur på 277 °C og eit atmosfæretrykk på 22 jordatmosfærar - dette ved ei høgd på kring 25 km over bakken.

Sonden fann ei atmosfæresamansetjing med 90-95% karbondioksid. Det vart fyrst trutt at sonden hadde nått bakken.

Kjelder endre