Vepsisk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina av den uralske språkfamilien. Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart vepsisk snakka av ca. 3 610 menneske på sør- og austsida av Onega, av eit folketal på 5 940 vepsarar.

Vepsisk
vepsä, vepsän kel', vepsän keli
Klassifisering uralske språk
austersjøfinske språk
Bruk
Tala i Russland
Område Den karelske republikken, Leningrad oblast Vologda oblast
Vepsisktalande i alt 3 610 (2010)
Rangering Ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem Kyrillisk, latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i -
Språkkodar
ISO 639-3 vep
Glottolog veps1250
Video om vepsisk på vepsisk.

Vepsisk er det austlegaste av dei austersjøfinske språka, dette gjer språket relevant for sambandet mellom austersjøfinsk og mordvinsk, og for teoriar om dei utdøydde språka merja og muroma.

Dialektar endre

 
Tospråkleg vegskilt (russisk/vepsisk) ved sjøen Šoutjärv’, russisk Šoltozero

Vepsisk blir delt inn i tre dialektar, nord- midt- og vestvepsisk:

  • nordvepsisk
  • midtvepsisk
    • austleg midtvepsisk
    • Ojatti
    • Šimjärvi-Päžare
    • Suda-joki
    • sørvestleg midtvepsisk
  • sørvepsisk

Karakteristiske drag endre

Det er relativt små dialektskilnader, og talarar frå dei ulike dialektområda forstår kvarandre relativt godt. Den dialekten som skil seg mest ut er nordvepsisk. Lyden j i byrjinga av ord er endra til palatal d, t.d. ďäŕv «sjø» (fi. 'järvi') og ďoob «(han/ho) drikk» (fi. 'juo'). Likvidane l, n, r er palatalisert, t.d. poigaĺe «til guten» (fi. 'pojalle'). I nordvepsisk har dei lange vokalane uu og ii halde seg, t.d. puu «tre» og hiiŕ «mus», mens yy har blitt diftongisert til [yu], t.d. püu 'pyy'. I andre dialektar er alle dei høge lange vokalane diftongisert, så vi har puo og hieŕ.

Grammatikk endre

Fonologi endre

Vepsisk har 8 vokalar og 33 konsonantar. Vokalane er dei same som i finsk, her sitert etter bokstavane i skriftspråket: i, e, ä, ü, ö, u, o, a.

I vokalfirkanten, med IPA-symbol, ser systemet slik ut:

  fremre midtre bakre  
urunda runda
lukka i y   u
halvopen ɛ œ   ɔ
open æ   ɑ  


Konsonantane har ein gjennomgåande oppisjon mellom upalataliserte og palataliserte konsonantar, her notert høvesvis x og x’. Plosivar og Frikativar har i tillegg ein distinksjon mellom stemde og ustemde lydar. Vepsisk har i tillegg eigne rekker affrikatar, nasalar, lateralar og rullelydar, som vist i skjemaet:

  Bilabial Dental Alveolar Palatal Glottal
Ustemd plosiv p, p’ t t’ k, k’  
Stemd plosiv b, b’ d d’ g, g’  
Affrikat   c c’ č  
Ustemd frikativ f s s’ š h
Ustemd frikativ v z z’ ž j
Nasal m, m‚ n n’    
Lateral   l l’    
Rullelyd   r r’    

Palataliseringa er eit gjennomgripande drag i vepsisk fonologi. Vekslinga mellom fremre og bakre vokalar påverkar konsonantane, og gjør dei palatalisert ved fremre vokalar.

Diftongane i vepsisk er stigande, og sluttar på i eller u. i er ein nøytral vokal, så vi har vokalane ai, äi, ei, oi, öi, ui, üi u, på si side, dannar diftong med vokalane a, o, ä, ö ( tilau, ou, äu, öu).

Lengde fungerer annleis i vepsisk enn i finsk. Lange vokalar finn vi som regel over suffiksgrense, t.d. joksii ("løpar, ein som spring"), jf. finsk juoksija. På vepsisk er den første i-en del av stammen, og den andre (eller: vokalforlenginga) er agentpartisippet sitt suffiks -i (finsk: -jA). I stammen kan det vere sliknad mellom korte og lange vokalar: I ordparet kuź : kuzele ("seks, til seks") er den første u-en lang, og den andre kort, fordi vokalen i einstava ord er lengre enn vokalen i fleirstava. Skilnaden er ikkje atisk, og blir ikkje markert i skrift.

Palataliseringa er eit gjennomgripande drag i vepsisk fonologi. Vekslinga mellom fremre og bakre vokalar påverkar konsonantane, og gjør dei palatalisert ved fremre vokalar.

Morfologi endre

Vepsisk har 24 kasus, dvs. ca. 10 fleire enn i dei andre austersjøfinske språka. Dei fleste nye kasusa er oppstått etter grammatikalisering av tidlegare postposisjonar.

Verba har ei eiga refleksivbøying.

Språkhistorie endre

Indre språkhistorie endre

Samanlikna med dei andre austersjøfinske språka har vepsisk ein relativt konservativ lydhistorie.

Innanfor morfologien har det derimot skjedd ein del nylagingar.

Ytre språkhistorie endre

I den grad det var tekstar på vepsisk før revolusjonen vart dei skrive med det kyrilliske alfabetet.

1930-talet vart det utvikla eit latinsk skriftspråk for vepsisk. Etter 1937, med omlegginga bort frå latinsk, vart ikkje vepsisk skrive får på 1990-talet.

Språka til folkeslaga som vart vurdert som «upålitelege» etter andre verdskrigen mista alle rettane sine i Sovjetunionen. Eitt av desse språka var vepsisk (sannsynlegvis fordi vepsarane (i lag med kolasamane) vart vurdert som for gode vener av finnane). Det vepsiske kyrilliske skriftspråket vart dermed ikkje tatt i bruk att etter krigen.

Forskingshistorie endre

Den systematiske utforskinga av vepsisk starta med J.A. Sjögren,[1] som på 1820-talet gjorde ei reise til det vepsiske området og slo fast at vepsisk var eit eige språk, og ikkje berre ein dialekt av karelsk eller livvisk eller ein variant av tverkarelsk. Sjögren var framforalt interessert i historia til Nordvest-Russland, og ville undersøke om vepsarane var dei same som tsjudane som var nemnde i russieke hilstoriske kjelder.

Den neste som forska på vepsisk var Elias Lönnrot . Bakgrunnen for denne interessa var framveksten av historisk-samanliknande språkvitskap. Lönnrot, som er mest kjend for å ha gjeve ut Kalevala, skreiv faktisk doktorgrad om vepsisk, Om det Nord-Tschudisca språket (1853).

Den neste som utforska vepsisk var August Ahlqvist. Han gav ut Antckningar i Nord-tschudiskan i 1859, med hovudtrekka av grammatikk og ordforrød, og ei tekstsamling. I forordet nemnde han at desse nord-tsjudane kalla seg sjølv vepsarar.

E.N. Setälä gjorde også feltarbeid blant vepsarane, først i 1889 og deretter i 1916. Han publiserte lite av materialet (det vart gjeve ut av E.A. Tunkelo i 1951; men brukte data i Yhteissuomalainen äännehistoria frå 1890-91. Lauri Kettunen samla også vepsisk materiale (1918-18). Etter dette forska både Lauri Posti, Reino Peltola og Paavo Siro på vepsisk, spesielt i eit junggrammatisk lys. Eit unntak er kettunen, som la vekt på vepsisk syntaks.

Etter andre verdskrigen er det framfor alt ved Petyrozavodsk universitet det har vore forska på vepsisk, av Maria Mullonen og Maria Zaitseva (dialektundersøkingar) og Nina Zaiteva sitt arbeid med syntaks, jf. t.d. N. Zaitseva 2001.

Kjelder endre

  1. Framstillinga i dette avsnittet er basert på Grünthal s. 1ff
Bibliografi
  • Grünthal, Riho: Vepsän kielioppi. Helsinki: Suomalais-Ugrilainen Seura, 2016
  • Kalima, Jalo: Vepsän sanastoa (Eripainos Virittäjästä n:o 1-3). Helsinki, 1927.
  • Lönnrot, Elias: Om det nord-tschudiska språket (Elias Lönnrotin väitöskirja vepsän kielestä vuodelta 1853). Kuhmo, Juminkeko, 2002. ISBN 952-5385-10-8.
  • Puura, Ulriikka – Karjalainen, Heini – Zaiceva, Nina – Grünthal, Riho: The Veps language in Russia. ELDIA case-specific report. Mainz: ELDIA Research Consortium. ISSN 2192-2403.
  • Wiik, Kalevi: Vepsän vokaalisointu. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 1989. ISBN 951-717-564-7.
  • Zaitseva, Maria: Vepsän kielen lauseoppia. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 2001. ISBN 952-5150-61-5.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

Vepsiskspråkleg litteratur endre

Språkvitskapleg litteratur endre

  • Grünthal, Riho: Vepsän kielioppi. Helsinki: Suomalais-Ugrilainen Seura, 2016
  • Kalima, Jalo: Vepsän sanastoa (Eripainos Virittäjästä n:o 1-3). Helsinki, 1927.
  • Lönnrot, Elias: Om det nord-tschudiska språket (Elias Lönnrotin väitöskirja vepsän kielestä vuodelta 1853). Kuhmo, Juminkeko, 2002. ISBN 952-5385-10-8.
  • Puura, Ulriikka – Karjalainen, Heini – Zaiceva, Nina – Grünthal, Riho: The Veps language in Russia. ELDIA case-specific report. Mainz: ELDIA Research Consortium. ISSN 2192-2403.
  • Wiik, Kalevi: Vepsän vokaalisointu. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 1989. ISBN 951-717-564-7.
  • Zaitseva, Maria: Vepsän kielen lauseoppia. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 2001. ISBN 952-5150-61-5.
  Denne språkartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.