Verdas høgaste bygningar
Verdas høgaste bygningar er ofte kalla skyskraparar. Denne lista er laga på grunnlag av ei måling av avstanden mellom bakkenivå og «høgaste arkitektoniske element». Dette inneber at spir, statuar eller andre element integrerte i arkitekturen vert rekna som teljande for bygget si totalhøgde. Derimot vert antenner, flaggstong eller andre delar som ikkje er integrerte i den arkitektoniske strukturen utelatne. Takhøgda i bygget er berre relevant der ingen andre integrerte arkitektoniske element finst.
Som eit resultat av denne måten å måle på vert til dømes Petronas Towers i Malaysia definert som høgare enn Willis Tower i Chicago, trass i at Willis Tower er høgare målt etter både takhøgde og høgaste totalpunkt. Petronas-tårna er toppa med spir som når opp til 452 meter, medan Willis Tower, som har ei totalhøgde med antennene på 527 meter, etter denne målestandarden vert 442 meter høgt.
Bilete under viser nokre av dei høgaste bygningane i verda (over 400 meter).
Verdas 25 høgaste bygningar
endreVerdas høgaste bygningar historisk sett
endre1908-1909 | Singer Building, 187 m | New York by | USA | |
1909-1913 | Metropolitan Life Insurance Company Tower, 213 m | New York by | USA | |
1913-1930 | Woolworth Building, 241 m | New York by | USA | |
1930 | 40 Wall Street, 283 meter (Bank of Manhattan Trust building, Manhattan Company Building) | New York by | USA | |
1930-1931 | Chrysler Building, 320 m | Chicago | USA | |
1931-1972 | Empire State Building, 381 m | New York by | USA | |
1972-1974 | Tvillingtårna ved Verdshandelssenteret i New York, 526 m | New York by | USA | |
1974-1998 | Willis Tower, 442 m (opphavleg Sears Tower) | Chicago | USA | |
1998-2004 | Petronas Towers, 452 m | Kuala Lumpur | Malaysia | |
2004-2010 | Taipei 101, 508 m | Taipei | Taiwan | |
2010- | Burj Khalifa, 828 m | Dubai | Dei sameinte arabiske emirata |
Høgaste bygning i kvar verdsdel
endreVerdsdel | Bygning | Høgd | Etasjar | Fullført | Land | By |
---|---|---|---|---|---|---|
Asia | Burj Khalifa | 828 m | 160 | 2010 | Dei sameinte arabiske emirata | Dubai |
Nord-Amerika | One World Trade Center | 541,32 m | 104 | 2014 | USA | New York by |
Europa | Mercury City Tower[1] | 339 m | 75 | 2012 | Russland | Moskva |
Oseania | Q1 | 323 m | 78 | 2005 | Australia | Gold Coast |
Sør-Amerika | Gran Torre Santiago | 300 m | 64 | 2012 | Chile | Santiago |
Afrika | Carlton Centre | 223 m | 50 | 1973 | Sør-Afrika | Johannesburg |
Antarktis | Long Duration Balloon (LDB) Payload Preparation Buildings[2] | - | - | 2005[3] | Antarktis | McMurdo Station |
-
Høghus i Moskva med Mercury City Tower, den høgaste bygningen i Europa, til venstre/
-
Carlton Centre er den høgaste bygningen i Afrika.
Kjelder
endre- ↑ Ilya Khrennikov, 'Moscow Mercury City Tops Shard as Europe’s Tallest Tower', Bloomberg, 1 November 2012.
- ↑ "McMurdo Station - Antarctica", StratoCat. Retrieved 26 April 2014.
- ↑ Jones, W. Vernon. «Report on the Balloon Program» Arkivert 2014-04-26 ved Wayback Machine. (PDF), NASA Astrophysics Subcommittee Meeting. 16 April 2013.
- «Excuse me while I kiss the sky», The Economist (4. nov. 2014)
- «World Trade Center Abu Dhabi - The Residences», skyscrapercenter.com
- Denne artikkelen bygger på «Liste over skyskrapere» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2011.
- Delar av denne artikkelen bygger på «List of tallest buildings in the world» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- SkyscraperCity (forum om skyskraparar)
- Emporis.com
- skyscrapers.com Arkivert 2022-01-26 ved Wayback Machine.