Verdens ende[1] er namnet på sørspissen av øya Tjøme i Færder kommune i Vestfold fylke, 26 km sør for Tønsberg. I vest ligg munningen av Tønsbergfjorden og i sør ligg Skagerrak. Frå svaberga på Verdens ende er det utsik mot havet og den ytste delen av skjergarden i Vestfold med Færder fyr som det mest markante landemerket ytst i Oslofjorden. Skjergarden utanfor Verdens ende er ein del av Færder nasjonalpark.

Verdens ende er eit populært utfartsted heilt sør på øya Tjøme i Færder kommune, ytterst i Oslofjorden. Modellen av eit vippefyr og ein restaurant, vart bygd som turistattraksjonar i 1934. Færder fyr kan sjåast i bakgrunnen drygt ei halv mil ute i fjorden.
Foto: 2005

Staden vart etablert som ein utfartsstad på 1930-talet. Informasjonssenteret for nasjonalparken på Verdens ende opna i 2015.

Historie endre

 
Innestengde fuglar ved akvariet på Verdens ende tidleg på 1960-talet. Det vart drive frå 1935 til 1974.
Foto: Fra Nasjonalbibliotekets samlinger

Helgerødtangen var det gamle namna til staden, knytt til sørlegaste gardsbruk på Tjøme, Helgerød. Tidlegare var staden utkikkspunkt for lósar på jakt etter seilskuter.

Verdens ende er eit stadnamn som vart til på byrjinga av 1900-talet, og det oppstod fyrst bland sommargjestane som vitja staden. Namnet er direkte knytt til turisttrafikken og det ein i dag kallar merkevarebygging, og aspekten til badegjesten er innbakt i namnet. Gamle tjømlingar hadde eit heilt anna perspektiv på verda. Dei var sjøfolk og kvalfangarar, og var på 1800- og 1900-talet kjende med farvatn og hamnebyar over heile kloden. Det var på ingen måte her på svaberga heime verda slutta; det var heller her den byrja. Det visste alle smågutar på Tjøme for så seint som 50 år sidan.

Brev og kort postlagd på Verdens ende fekk tidlegare eit eige stempel.

Det karakteristiske vippefyret med korg til eit kolbål vart bygd saman med ein restaurant som turistattraksjonar på staden i 1934, få år etter at Vrengen bru opna for trafikk i 1932.[2] Det fanst òg eit saltvassakvarium med fisk og sel. Det vart drive frå 1935 til 1974. Grunnmuren er no grillplass.

Like austom Verdens ende ligg det tidigere Grepan kystpensjonat som opna i 1919.[3] Moloanlegget i Grepanbukta på Enden i verda vart påbyrja i 1950.[4]

Friområde og attraksjonar endre

 
Verdens ende med det rekonstruerte fyret, betongamfiet ved gjestehavna og besøkssenteret for Færder nasjonalpark. Grensa for nasjonalparken skjer gjennom staden rett sør for besøksssenteret og hamna.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen, 2017

Verdens ende er eit verna friområde på cirka 250 dekar. Staden er ein populær utfartsstad med ven natur, svaberg og småholmar, fiskeplassar, badestader og utsyn utover havet. Den lange steinmoloen dannar vern mot vêr og vind for ein av dei største småbåthamnene på Tjøme. Her ligg òg fleire fiskebåtar.

Tusenårsstaden til tidlegare Tjøme kommune ligg òg på Verdens ende. Det er ein sirkelforma plass som er hellebelagt i stein med bjelkar i heiltre som er forankra i steinblokker og fungerer som benkar. Plassen har tilgjenge frå parkeringsplassen med ein sti. Tusenårsstaden er utforma av landskapsarkitekt Marianne Leisner.

Skulpturen «Sjømannshustruen» av bilethoggaren Nina Nesje vart reist i 2004.[5]

Grensa for Færder nasjonalpark, eit område på 340 km² som vart oppretta i 2013, går gjennom Verdens ende rett sør for busetnaden og hamna. Færder nasjonalparksenter vart bygd der den gamle restauranten lå, og vart opna av dronning Sonja i juni 2015. Friluftsområdet Moutmarka like nordvest for Verdens ende inngår òg i nasjonalparken.

Bilete endre

Kjelder endre

  1. yr.no. Verdens ende Arkivert 2017-02-14 ved Wayback Machine.. Besøkt 14. februar 2017.
  2. Digital bygdebok for Tjøme, arkivert frå originalen 7. desember 2018, henta 6. oktober 2018 
  3. Digital bygdebok for Tjøme, arkivert frå originalen 27. august 2018, henta 6. oktober 2018 
  4. Digital bygdebok for Tjøme, arkivert frå originalen 27. august 2018, henta 6. oktober 2018 
  5. Sjømannshustruen Arkivert 2015-05-18 ved Wayback Machine., Jekt og jaktfart - Kystkulturen, med flere bilder

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Verdens ende