Verdscupen i langrenn 1982/Menn
Verdscupen i langrenn for menn i 1982-sesongen omfatta 10 individuelle tevlingar og ein stafett. Tevlingane tok til 9. januar og vart avslutta 27. mars 1982. Dei ti renna bestod av fem tevlingar over 15 kilometer, tre over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Reit im Winkl i Vest-Tyskland, Le Brassus i Sveits, Brusson og Kastelruth i Italia, Oslo (4) i Noreg, Lahti i Finland, Falun i Sverige og Štrbské Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia.
Bill Koch frå USA sigra i fire tevlingar og vann FIS-pokalen. Oddvar Brå vann to enkeltrenn, medan Thomas Wassberg, Thomas Eriksson, Pål Gunnar Mikkelsplass og Harri Kirvesniemi vann kvar sitt verdscuprenn.
Individuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
1 | Bill Koch | USA | 121 |
2 | Thomas Wassberg | Sverige | 114 |
3 | Harri Kirvesniemi | Finland | 106 |
4 | Jean-Paul Pierrat | Frankrike | 82 |
5 | Oddvar Brå | Noreg | 77 |
6 | Jochen Behle | Vest-Tyskland | 67 |
7 | Dan Simoneau | USA | 60 |
8 | Jan Ottosson | Sverige | 60 |
9 | Giorgio Vanzetta | Italia | 57 |
10 | Jurij Burlakov | Sovjetunionen | 56 |
11 | Lars Erik Eriksen | Noreg | 55 |
12 | Józef Łuszczek | Polen | 55 |
13 | Maurilio De Zolt | Italia | 54 |
14 | Ove Aunli | Noreg | 50 |
15 | Aleksandr Zavjalov | Sovjetunionen | 49 |
16 | Benny Kohlberg | Sverige | 45 |
17 | Thomas Eriksson | Sverige | 43 |
18 | Jiří Švub | Tsjekkoslovakia | 39 |
19 | Tor Håkon Holte | Noreg | 39 |
20 | Pål Gunnar Mikkelsplass | Noreg | 37 |
21 | Jan Lindvall | Noreg | 36 |
22 | Pierre Harvey | Canada | 36 |
23 | Miloš Bečvář | Tsjekkoslovakia | 35 |
24 | Jim Galanes | USA | 35 |
25 | Oleksandr Batjuk | Sovjetunionen | 33 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1981/82» frå Wikipedia på tysk, den 1. november 2020.
- Sportsboken 82-83. Sportsboken As/Hjemmets bokforlag As. 1982.