Verdscupen i skiskyting 1989
Verdscupen i skiskyting 1989 tok til 15. desember 1988 og vart avslutta 19. mars 1989. Turneringa omfatta 12 individuelle tevlingar. Renna fann stad i Albertville i Frankrike, Borovets i Bulgaria, Ruhpolding i Vest-Tyskland, Hämeenlinna i Finland, Östersund i Sverige og i Steinkjer i Noreg.
Dei mannlege utøvarane tevla i seks 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert tre stafettar over 4 x 7,5 km og tre mannskapstevlingar på 20 km. Eirik Kvalfoss gjekk til topps i turneringa, som den fyrste nordmann på karasida. Sovjetunionens Aleksandr Popov og Sergej Tsjepikov vart nummer 2 og 3 i turneringa. Austtyske Birk Anders og vesttyske Fritz Fischer sigra i to enkelt-tevlingar kvar.
Dei kvinnelege utøvarane tevla i 15 km og 7,5 km, seks renn over kvar av distansane. Dessutan i stafettar med tre på laget og i mannskapstevlingar. Sovjetunionens Jelena Golovina sikra seg IBU-pokalen med romsleg margin til landslagskollegaene Natalja Prikostsjikova og Svetlana Davidova.
Menn
endreIndividuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Eirik Kvalfoss | Noreg | 195 | 1 |
2 | Aleksandr Popov | Sovjetunionen | 184 | 1 |
3 | Sergej Tsjepikov | Sovjetunionen | 164 | 1 |
4 | Birk Anders | Aust-Tyskland | 157 | 2 |
5 | Valerij Medvedtsev | Sovjetunionen | 149 | |
6 | Fritz Fischer | Vest-Tyskland | 144 | 2 |
7 | Frank-Peter Roetsch | Aust-Tyskland | 137 | 1 |
8 | Andreas Zingerle | Italia | 130 | |
9 | Frode Løberg | Noreg | 130 | |
10 | Alfred Eder | Austerrike | 122 | |
11 | Frank Luck | Aust-Tyskland | 121 | 1 |
12 | Gisle Fenne | Noreg | 120 | |
13 | Ernst Reiter | Vest-Tyskland | 113 | |
14 | Jurij Kasjkarov | Sovjetunionen | 109 | |
15 | Johann Passler | Italia | 108 | 1 |
16 | André Sehmisch | Aust-Tyskland | 106 | |
17 | Thierry Gerbier | Frankrike | 84 | |
18 | Andreas Heymann | Frankrike | 80 | |
19 | Geir Einang | Noreg | 80 | |
20 | Franz Schuler | Austerrike | 78 | |
21 | Anatolij Sjdanovitsj | Sovjetunionen | 76 | |
22 | Jan Matouš | Tsjekkoslovakia | 75 | 1 |
23 | Harri Eloranta | Finland | 64 | |
24 | Alois Reiter | Vest-Tyskland | 56 | |
25 | Raik Dittrich | Aust-Tyskland | 55 |
Kvinner
endreIndividuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Jelena Golovina | Sovjetunionen | 210 | 3 |
2 | Natalja Prikostsjikova | Sovjetunionen | 187 | 1 |
3 | Svetlana Davidova | Sovjetunionen | 185 | 1 |
4 | Tsvetana Krasteva | Bulgaria | 176 | |
5 | Anne Elvebakk | Noreg | 165 | 1 |
6 | Mona Bollerud | Noreg | 159 | |
7 | Elin Kristiansen | Noreg | 15 | |
8 | Nadesjda Aleksijeva | Bulgaria | 154 | 1 |
9 | Marija Manolova | Bulgaria | 150 | 1 |
10 | Martina Stede | Vest-Tyskland | 149 | 2 |
11 | Synnøve Thoresen | Noreg | 141 | |
12 | Iva Sjkodreva | Bulgaria | 122 | 1 |
13 | Petra Schaaf | Vest-Tyskland | 119 | |
14 | Dorina Pieper | Vest-Tyskland | 109 | |
15 | Tuija Vouksiala | Finland | 103 | |
16 | Inga Kesper | Vest-Tyskland | 89 | |
17 | Pirjo Mattila | Finland | 86 | |
18 | Irena Galabova | Bulgaria | 85 | |
19 | Synnøve Berntsen | Noreg | 75 | |
20 | Natalja Ivanova | Sovjetunionen | 74 | 1 |
21 | Anna Kusmina | Sovjetunionen | 67 | |
22 | Mia Stadig | Sverige | 66 | |
23 | Inger Björkbom | Sverige | 63 | |
24 | Hildegunn Fossen | Noreg | 53 | |
25 | Luisa Tsjerepanova | Sovjetunionen | 52 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltcup 1988/89» frå Wikipedia på tysk, den 17. mars 2022.