Verdshandelssenter

Verdshandelssenter voks fram i USA og Japan på slutten av 1970-talet, og har sidan dukka opp i nær hundre land over heile verda. Eit slikt senter samlar alt ein treng for å driva internasjonal handel. Det kan samanliknast med eit kjøpesenter for vidarekomne, der verksemder og styresmakter kan møtast og samhandla. Dei nær 300 sentra er alle med i ein organisasjon, World Trade Center Association eller WTCA, som blei grunnlagd i New York i 1970.

Inngangen til verdshandelssenteret i Montréal.
Dei to tvillingtårna til verdshandelssenteret i New York.

Det best kjende av desse sentera er truleg verdshandelssenteret i New York, som blei øydelagd av eit terroriståtak i 2001. Det hadde tidlegare vore utsett for eit terroriståtak, i 1993. Handelssentra er ofte høge, dominerande bygg som stikk seg ut i bylandskapet, og dei er blitt synlege symbol på den aukande frihandelen og globaliseringa i verda. Dei kan dermed lett bli mål for terroristar som ønskjer å skapa ein ny verdsorden.


A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å

A endre

B endre

C endre

D endre

E endre

F endre

G endre

H endre

I endre

J endre

K endre

L endre

M endre

N endre

O endre

P endre

Q endre

R endre

S endre

T endre

U endre

V endre

W endre

Z endre