Civil parish

(Omdirigert frå Verdsleg sokn)

Civil parish (engelsk for 'verdsleg sokn'), normalt omtalt berre som parish, er den minste administrative eininga for lokalstyre i England.[1] Tilsvarande eining i Wales er community council («samfunnsråd»). I Skottland finst det òg community council, men desse har ikkje tilsvarande rettar som i England og Wales. Rundt 35 prosent av den engelske befolkninga bur i eit civil parish. Per 31. desember 2010 var det 10 479 slike parish i England.[1] Den 1. april 2014 blei Queen's Park det fyrste civil parishet i Stor-London.[2] Før 2008 var det ikkje tillate å skipa slike sokn innanfor ein bykommune (borough) i London.[3]

Kart over civil parish i England og Wales.

Historie endre

Dei verdslege sokna har sprunge ut frå dei kyrkjelege. Den opphavlege hensikta med å oppretta dei var å avlasta dei kyrkjelege sokneråda ved å ha eit eige organ for fattigomsorg. Heile England var delt inn i sokn, og dei fekk i oppgåve å sørga for at avgjerdene i fattigloven blei følgde. Dette blei finansiert med ein eigen eigedomsskatt.

Då lokalstyret blei omorganisert på 1800-talet blei ein del sokn omdefinert til urbane sanitærdistrikt, og makta deira blei sterkt innskrenka. Mindre sokn blei grupperte i landlege distrikt, som heldt på ein del ansvar. Etter kvart blei det òg oppretta unionar av fleire distrikt og sokn for å ta for seg oppgåvene i fellesskap.

I 1929 blei den gamle fattigloven avskaffa, og sentrale styresmakter tok over utbetalingane av sosialstønad. Under den store omorganiseringa av lokalstyret same år blei dei aller fleste sokna i byar avskaffa, men dei landlege blei verande.

Civil parish etter 1974 endre

Distrikta i England kan vera delt inn i fleire parish, som har ulike ansvarsområde. Vanlege oppgåver er stell av parkar, renovasjon, vedlikehald av samfunnshus og liknande. Dei skal konsulterast under plansaker, og mange stader kan dei gje byggeløyve. Sokna kan få inn pengar på fleire måtar, mellom anna ved å skattelegge innbyggarane.

Rådsmedlemmene blir utnemnde for fire år av gangen. I mange tilfelle blir dei ikkje valde ved avstemming; dersom det ikkje er fleire kandidatar enn talet plassar kjem alle kandidatane automatisk inn, og det blir derfor berre halde val dersom det er fleire kandidatar enn plassar. Talet på medlemmer varierer, og blir bestemt innanfor visse rammer av soknerådet.

Nokre svært små parish har ikkje noko sokneråd, men bruker i staden allmøte der heile befolkninga kan delta. Det er òg nokre parish som har slått seg saman med andre og har felles sokneråd.

Eit sokneråd kan gjennom eit einstemmig vedtak kalla seg eit byråd (town council eller city council). Dette betyr ikkje at soknet faktisk får bystatus, ettersom det må innvilgast av monarken. Det var i 2004 seks sokn som hadde fått innvilga status som city: Chichester, Ely, Hereford, Lichfield, Ripon og Wells. Normalt vil leiaren av eit byråd ha tittelen borgarmeister (mayor).

Det blei oppretta fleire parish i 2003 og 2004 for å auka den lokale deltakinga i offentleg administrasjon.

I større byar er det få parish, men det finst nokre døme som New Frankley i Birmingham.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Parishes and Communities», Office for National Statistics
  2. «Queen's Park parish council gets go-ahead», BBC
  3. Guidance on Community Governance Reviews (PDF). London: Department for Communities and Local Government. 2010. ISBN 978-1-4098-2421-3.

Litteratur endre

  • Wright, R S; Hobhouse, Henry (1884): An Outline of Local Government and Local Taxation in England and Wales (Excluding the Metropolis). London: W Maxwell & Son.