Opna hovudmenyen
Flagget til Verdsorganisasjonen for helse.

Verdsorganisasjonen for helse (engels World Health Organization - WHO, fransk Organisation mondiale de la santé - OMS) er eit av dei spesialiserte organa til Dei sameinte nasjonane. På norsk blir ofte den engelske forkortinga WHO nytta.

Organisasjonen har 192 medlemsland (2006). Dette inkluderer alle medlemslanda i SN, med unnatak av Liechtenstein. Hovudsetet ligg i Genève i Sveits.

FormålEndra

Formålet til Verdsorganisasjonen for helse er å arbeide for at alle folk skal ha så god helse som mogleg. Helse blir i denne samanhengen definert som ein tilstand av full fysisk, mental og sosial velvære, ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit.

Arbeidsområda til WHO spenner frå å kjempe mot infeksjonssjukdommar til kampanjar for å auke inntaket av grønsaker og mot bruk av tobakk. WHO forskar dessutan mykje på helseverknader.

HistorieEndra

Organisasjonen vart oppretta 7. april 1948. Han tok da over store delar av mandatet og ressursane til Helseorganisasjonen (eng. Health Organization), som hadde vore eit organ under Folkeforbundet.

GeneraldirektørarEndra

Sidan starten har det vore seks ulike generaldirektørar i WHO.[1] Den tidlegare norske statsministeren Gro Harlem Brundtland var generaldirektør i perioden 1998–2003.

Namn Land Tidsperiode
Margaret Chan Hong Kong 2006– (framleis)
Anders Nordström Sverige 2006– (fungerande etter dødsfallet til Lee Jong-wook)
Lee Jong-wook Sør-Korea 20032006
Gro Harlem Brundtland Noreg 19982003
Hiroshi Nakajima Japan 19881998
Halfdan T. Mahler Danmark 19731988
Marcolino Gomes Candau Brasil 19531973
Brock Chisholm Canada 19481953

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra