Vernier
Vernier er ein kommune i kantonen Genève i Sveits. Kommunen har 33 811 innbyggjarar (2011) og eit areal på 7,68 km². Kommunesenteret ligg 440 meter over havet. Kommunen grensar i aust til byen Genève. Elva Rhone dannar sørgrensa til kommunen.
Vernier | |||
---|---|---|---|
Europas største bustadbygg, Le Lignon | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Genève | ||
Distrikt | ingen | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | Thierry Apothéloz | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
7,68 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (august 2011) - folketettleik |
33 811 4 402,5 /km² | ||
Koordinatar | 46°12′0″N 6°6′0″E / 46.20000°N 6.10000°E | ||
Høgd over havet | 440 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1214 Vernier 1216 Cointrin 1219 Aïre 1219 Châtelaine 1219 Le Lignon 1220 Les Avanchets | ||
Nettstad: www.vernier.ch |
Vernier er ein forstad til Genève, frå kommunen er det fem kilometer til bysentrum i Genève. Til franskegrensa er det 3–4 km i nordvestleg retning.
Europas største bustadbygning ligg i Vernier. Ho er 980 meter lang, og vart bygt i 1960-åra. På det meste hyste bygningen 10 000 menneske, i dag bur der om lag 5 500 personar.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Vernier, Switzerland» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff endre
- Offisiell nettstad (fransk)
- http://www.sig-ge.ch/