Veronika Vítková

Veronika Vítková (fødd 9. desember 1988) er ein tsjekkisk skiskyttar, fødd i Vrchlabí og busett i Jilemnice, som vart verdsmeister i mixstafett i 2015 og tok OL-sølv i same øvinga i 2014.

Veronika Vítková


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 9. desember 1988 (35 år)
Vrchlabí
Idrett skiskyting
Tok del i Vinter-OL 2010, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Mixed stafett, Skiskyting under Vinter-OL 2018, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Aktiv

endre
 
Veronika Vítková under VM 2013 i Nové Město na Moravě

Vítková har sidan 2008 delteke i alle dei store meisterskapane, men femteplassen på 15 km i VM i skiskyting 2009 er hennar beste individuelle prestasjon. I staden har ho fått vere med å vinne tre medaljar i mixstafett; VM-bronse 2013 på heimebane i Nové Město na Moravě, OL-sølv i 2014 i Sotsji, samt VM-gull i 2015 i Kontiolahti. Alle medaljane vart vunne i lag med Gabriela Soukalová og Ondřej Moravec.

Vítková kunne for fyrste gong stige pallen i verdscupen då ho vart nummer to i ein jaktstart i Oberhof vinteren 2013. Ho tok sin hittil einaste siger i et verdscuprenn i nettopp Oberhof 9. januar 2015, trass i at ho måtte gå to strafferundar i sprinttevlinga. Til saman har ho ni pallplassar i verdscupen pr 2016, nesten alle i 2014- og 2015-sesongane.

Kjelder

endre