Vestgotarar

(Omdirigert frå Vestgotarane)

Vestgotarane, visigotane eller terwingane var ei undergruppe av gotarane, som oppretta eit kongedøme i Spania.

Vestgotarane sitt kongedøme kring 500

Kongedømet i Dacia endre

Visigotane rådde i Dacia gjennom det meste av 300-talet, til dei vart jaga ut av hunarane i åra etter 375. Den siste kongen i Dacia heitte Athanarik. Etter at hunarane kom var dei mange visigotar som flydde til Austromarriket og vart hardt mishandla av romarane. Under leiing av hovdingane Alaviv og Frithigern gjorde dei opprør mot romarane og slog dei i Slaget ved Adrianopel i 378. Etter det fekk dei løyve til å busetja seg i Illyria mot å verja Romarriket mot aust. Mange gotiske hovdingar, mellom dei Alarik, gjekk inn i den romerske hæren og fekk utdanning der. Gotarane slost saman med keisar Theodosius i Slaget ved Frigidus i 494 mot tronranaren Eugenius, og leid store tap. I åra som følgde laut romarane gong på gong stagge dei, men dei heldt seg i ro, grunna avtaler mellom Alarik og vandalhovdingen Stilicho, som var øvste leiar for den vestromerske hæren.

Plyndringa av Roma endre

Etter at Stilicho vart avsett og drepen, vart rettane til vesegotane på Balkan dregne attende, og Alarik førte folket sitt på hemntog til Italia. Dette hærtoget enda med plyndringa av Roma i 410, etter to års omlægring. Alarik sjølv døydde rett etterpå, og kongeveldet vart teke opp av Athaulf, som gjorde fredsavtale med romarane og gifte seg med systera til keisaren Honorius. Han førte så folket vestetter til Spania og søre Gallia, og oppretta eit kongedøme der, med hovudstad i Tolouse.

Toulouse-kongedømet (Regnum Tolosanum) endre

Visigotarkongane fekk mandat av den romerske keisaren til å rå for Gallia og store delar av Spania mot å halde dei andre germanske stammane der i sjakk. Ein visigotarher slost på romersk side i Slaget på Katalaunarmarka i 451, der kongen deira, Theodorid, fall. Regnum Tolosanum vara frå om lag 415 til 507, då Alarik II vart slegen av frankarkongen Chlodovech. På den tid hadde alt mange visigotar flytt til Spania, som før berre hadde vore ein grensemark.

Kongedømet i Spania endre

Vesegotarriket i Spania vara frå 507 til 711. Då frankarane vann fram, mista Visigotane halve riket sitt til kong Chlodovech, og dei laut bygge ein ny hovudstad i Toledo. Dei gjekk over frå Arianismen til katolisismen i 589, og byrja samstundes ei forfølging av jødane. Hundreåret etter vart riket jamnt svakare, og kongane laut stri både med frankarkongane og med maurarane. Dei mista taket på Spania i 711, og drog seg attende til fjella lengst nord, der dei oppretta kongedømet Asturia under visigotarhovdingen Pelayo.

Kongerekkje endre

Tolosarkongedømet endre

Kongedømet i Spania endre

Kjelder endre