Vestlandsforsking
Vestlandsforsking er eit norsk regionalt forskingsinstitutt som ligg i Sogndal. Det har ca. 35 tilsette og ein årsomsetnad på 38 millioner[1]. Instituttet har kontor på Fosshaugane Campus. Det utførar forsking, utviklingsarbeid og utgreiingar på oppdrag frå offentleg sektor, næringsliv og forskingsråd. Oppdraga omfattar både regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt. Direktør sidan 2022 er Anne Karin Hamre.
Vestlandsforsking utførar forsking på desse områda:
Klima og miljø: utsleppsreduksjon; klimatilpassing; planlegging og berekraftig utvikling; industriell økologi og naturressursforvalting
Reiseliv: opplevingsturisme; digitalisering; berekraftig reiseliv
Teknologi og samfunn: stordata og nye teknologiar; regional utvikling og digitalisering; kjønn, mangfald og teknologi
Kjelder
endre- ↑ «Om Vestlandsforsking», www.vestforsk.no, henta 22. august 2022