Vestmannalaget er eit mållag i Bergen. Laget vart skipa allereie i 1868, og er det eldste mållaget i Noreg. Fyrste formann i laget var Henrik Krohn (1826-1879). Laget har frå 1985 av gjeve ut meldingsbladet Vestmannen. På byrjinga av 1960-talet melde laget seg ut av Noregs Mållag. Utmeldinga kom mykje på grunn av usemje om rettskriving. Vestmannalaget melde seg seinare inn i Ivar Aasen-sambandet, som arbeider for høgnorsk.

Vestmannalaget er i tillegg med i Vestlandske Mållag, Bygdelagsnemndi i Bergen, Kyrkjenemndi i Bergen og Det norrøne grønlandslaget.

Aasmund Olavsson Vinje skreiv diktet «Til Vestmannalaget» i 1869.[1]

Historie endre

Vestmannalaget hadde frå skipingstida stor innverknad på det kulturelle miljøet i Bergen, og merkte seg ut med å ha med folk frå borgarskapet i medlemsstokken. Laga hadde fast møteverksemd, føredragsrekkjer, gav ut tidsskriftet Fraa By og Bygd og målmedvite arbeid for atterreising av Håkonshallen.

Laget har arbeidt for å fremje samband og samarbeid mellom Noreg og Island og mellom Noreg og Færøyane.

Litteratur endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Til Vestmannalaget» ved aasentunet.no
  Denne språkartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.