Veto

(Omdirigert frå Vetorett)

Veto (frå latin, 'eg forbyr') er ei spesiell form for stemme som har utsettande eller blokkerande effekt for ei slutning innanfor ei gitt ramme. Eit veto kan berre forhindra ei slutning, det kan ikkje forandra innhaldet i denne. Den som kan legge ned ei slik stemme har vetorett.

Prinsipielt finst det to slags veto:

  • Utsettande veto, som blokkerer ei slutning til ei ny avstemming kan bli utført.
  • Absolutt veto, som blokkerer ei slutning heilt. Ei ny avstemming er her ikkje mogleg.
    Spire Denne samfunnsartikkelen som har med juss å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.