Veum/Øyane
59°17′7.0″N 8°05′32.5″E / 59.285278°N 8.092361°E Veum er ei lita bygd nord i Fyresdal kommune i Telemark. Bygda ligg langs Fv355 midt mellom Hegglandsgrend og Hauggrend. Her er det eiga kyrkje, Veum kyrkje, og var inntil tusenårsskiftet eige sokn før det vart lemma inn i Fyresdal sokn. Lokalt vert grenda òg kalla Øyane. Saman med nabobygda Hauggrend var det felles skule, Hauggrend-Veum skule og barnehage, inntil slutten av 1990-talet, då denne vart lagt ned. Telemark Laftebygg har verksemda si på Veum.