Opna hovudmenyen

Vevelstad kommune

kommune i Nordland

Vevelstad er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Han grensar i nord mot Alstahaug kommune, i aust mot Vefsn kommune, i sør mot Brønnøy kommune, og i vest over havet mot Vega kommune. Næringsvegane er hovudsakleg jordbruk, fiske, fiskeforedling og treforedling. Kystriksvegen går gjennom kommunen.

Vevelstad kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Vevelstad
Areal 539 km²
 - land 518 km²
 - vatn 21 km²
Folketal 506 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Målform bokmål
Ordførar Kari Andreassen
(Lokal liste)
Kommunenr. 1816
NO 1816 Vevelstad.svg
Wikimedia Commons: Vevelstad
Nettstad: www.vevelstad.kommune.no

GeografiEndra

Kommunen er djupt gjennomskoren av Vistenfjorden, som er rekna for den reinaste i Noreg. Det meste av arealet i kommunen er fastland, men han har òg nokre øyar, med Hamnøya som den største.

KulturEndra

Vevelstad var deltaker i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen «Opus for himmel og jord» av Oddvar I. N.

Vevelstad Bygdetun er ein del av Helgeland Museum.

HistorieEndra

Helleristninger i Vistnesdalen viser at det har budd folk i området sidan steinalderen.

BakgrunnsstoffEndra