Via Ferrata Loen
Via Ferrata Loen er ein klatresti som går opp i fjellsida bak Hotel Alexandra i Loen. Han vart opna i 2012.
Innsteget til klatrestigen er på 460 moh. Det går skogsveg og sti frå Heggelia bak Hotel Alexandra til innsteget. Frå innsteget går det via ferrata opp til ca 900 moh. Derifrå kan ein gå vidare til toppen av Hoven, 1011 moh.
Loen Active tilbyr utlån av utstyr og guida turar, og har ansvar for vedlikehald av løypa.
Bakgrunnsstoff
endre-
Bratt parti på Via Ferrata Loen.
-
Via Ferrata Loen med utsikt mot Lodalen.
-
Via Ferrata Loen, etter utsteget.