Victoria and Albert Museum

Victoria and Albert Museum (V&A) er eit museum i Kensington vest i London. Det blei skipa i 1852 som The Museum of Manufactures, og i 1854 omdøypt til South Kensington Museum. I 1899 fekk det sitt noverande namn, til ære for dronning Victoria av Storbritannia og gemalen hennar, prins Albert av Sachsen-Coburg-Gotha.

Victoria and Albert Museum

StadRoyal Borough of Kensington and Chelsea
Skipa1852
Kart
Victoria and Albert Museum
51°29′49″N 0°10′18″W / 51.49685°N 0.17162°W / 51.49685; -0.17162

Museet blei stifta for å fremja god formgjeving eller design i framstillinga av ulike gjenstander til bruk særleg i heimar. Ein kan rekna det som det første kunstindustrimuseumet, og dei norske kunstindustrimusea i Oslo, Bergen og Trondheim blei oppretta etter mønster av Victoria and Albert Museum.

Museet blei oppretta ved hjelp av middel frå Verdsutstillinga i London i 1851. Den første direktøren for museet var Henry Cole. I dei første åra la ein stor vekt på at dette museet skulle vera noko anna enn eit kunstmuseum som National Gallery, og det skulle heller ikkje først og fremst vera ein akademisk institusjon slik som British Museum. I 1858 byrja museet å vera kveldsope visse dagar, slik at folk frå arbeidarklassen skulle kunna sjå utstillingane etter at arbeidsdagen var over, og studera gjenstandane i samlingane for å læra seg prinsippa for god formgjeving.

I dag omfattar Victoria and Albert Museum gjenstandar frå Amerika, Nord-Afrika, Asia og Europa. Samlingane omfattar mellom mykje anna husgeråd og heile interiør, smykke og klede, skulpturar og teikningar, trykk og fotografi.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre