Viggo Brun (fødd 13. oktober 1885 i Lier, død 15. august 1978 i Drøbak) var ein norsk matematikar. Viggo Brun var professor i matematikk, og arbeidde med talteori, særleg fordelinga til primtala. Han fann att originalmanuskriptet til den såkalla Pariseravhandlinga til Niels Henrik Abel.

Viggo Brun

Fødd13. oktober 1885
Lier
Død15. august 1978
Drøbak
NasjonalitetNoreg
Områdetalteori, matematikk
Yrkematematikar, matematikkhistorikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs tekniske høgskole
Alma materUniversitetet i Oslo
Universitetet i Göttingen
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Brun studerte ved Universitetet i Oslo og byrja forskarkarriera si ved Universitetet i Göttingen i 1910. I 1924 vart han professor ved NTH og i 1946 professor ved Universitetet i Oslo. Han pensjonerte seg i 1955.

Brun var først og fremst oppteke av primtalsteori, men òg av kjedebrøk og generaliseringar og kombinatorikk. Han skreiv òg eit par populærvitskaplege bøker om matematikkhistorie.

Brun-konstant og Brun-teorem er kalla opp etter han. Viggo Brun var æresdoktor ved universitetet i Hamburg, og han var medlem av vitenskapsakademia i Helsingfors, Uppsala og Oslo. Det sistnemnde tildelte han Fridtjof Nansen-prisen i 1939. Han var preses i Vitenskapsselskapet i Trondheim 1945–1946, og det tildelte han sin Gunnerus-medalje i 1958. Han var æresmedlem i Norsk Matematisk Forening.

Utvald bibliografi endre

  • Ein Satz über die Irrationalität, Göttingen 1910
  • La Crible d'Eratosthene et le theoreme de Goldbach, i DKNVS Skr. I, Mat.-naturv. kl., nr. 3, 1920
  • Regnekunsten i gamle Norge. Bok utgitt på Universitetsforlaget i 1962.
  • Alt er tall. Matematikkens historie fra oldtiden til Renessanse. Bok utgjeve på Universitetsforlaget i 1964, opptrykk 1992 (ISBN 82-13-00151-6)

Kjelder endre

«Viggo_Brun» i Store norske leksikon, snl.no.