Vik-Sandvik Group

Vik-Sandvik Group er eit skipsingeniørselskap heilegd av Wärtsilä Corporation, med base på Fitjar i Vestland og det største firmaet i Europa av sitt slag.

Vik-Sandvik AS er den eldste delen av selskapet og vart oppretta i 1975 på Fitjar. Selskapet har teikna om lag 400 skip, av nesten alle typar, som er bygd på skipsverft rundtom i heile verda. Dei har spesialisert seg på fiske-, offshore og seismikkfartøy, samt ombygging.

Selskap i gruppa

endre

Vik-Sandvik Group består av følgjande selskap i tillegg til Vik-Sandvik AS:

  • I Gdynia i Polen ligg Vik-Sandvik Poland Ltd med 80 skipsariktektar som tilsette.
  • Skipskonsulent AS er eit konsulentfirma som kan gje tenester innan design, drift og tilgjengeleg teknologi. Firmaet held til i Bergen
  • SK Shanghai Ltd held til i Shanghai i Kina og driv med skipsteikning og kommunikasjon med skipsverft i Kina.
  • Albatross D.O er eit skipsingeniørfirma med i Novi Sad i Serbia
  • Omega Technology AS er eit selskap som leverer ingeniørtenester til oppdrettarar og utstyrsleverandørar. Selskapet vart oppretta i 2001 med kontor på Fitjar og ei avdeling i Ålesund.
  • El-Design AS er eit ingeniør- og konsulentselskap som driv med konsulenttenester innan elektrisk design og dokumentasjon for fartøy. Dei held til i Omastrand.
  • VS Industrial Design er ein del av gruppa som baserer seg på industridesign og produktutvikling.
  • Vik·Sandvik Brasil er eit selskap i gruppa i Rio de Janeiro i Brasil, som har som hovudmål å markedsføre skipsdesign og konsulenttenester i Brasil, Sør-Amerika og Nord-Amerika.
  • Vik-Sandvik Marine Services AS er eit selskap som yter design- og ingeniørtenester for skipsbyggarindustrien. Dei held til i AvaldsnesKarmøy.
  • Vik-Sandvik Design India Pvt. Ltd er eit prosjektsamarbeid mellom Vik-Sandvik Group og MDL Energy Ltd. som held til i Chennai (tidl. Madras) i India og yter teneser innan skipsdesign og løysingar for skipseigarar, skipsverft og oljeselskap.

Bakgrunnsstoff

endre