Vikingskip
Vikingskip er ei samlenemning brukt om båtane vikingane brukte for å ferdast over hav og oppover elver. Skipa kan òg verta kalla langskip.


Vikingskipa var hovudsakleg laga av tre og som regel haldne saman av tre- eller metallnaglar. Dei var klinkbygde, det vil seie at ein bygde dei opp frå botnen av, med bordkledning som blir festa til kjølen og bygd oppover.
Ein skil mellom ulike typar skip ut frå kor store dei var og kva bruk dei hadde.[1]Karvar var mindre båtar ein kunne segla med i skjergarden, sjølv om dei òg kunne brukast til langferd over havet. Knarrar var større skip som var spesialbygde til å segla på havet.
Vikingskipa var vakre, men solide farkostar som ein kunne segla jorda rundt med om ein ville. Båtforma inspirerte mellom anna arkitektane bak idrettshallen Vikingskipet på Hamar.
Vidkjende vikingskipEndra
- Gokstadskipet
- Ormen Lange, skipet til Olav Tryggvason
- Osebergskipet
- Tuneskipet
KjelderEndra
BakgrunnsstoffEndra
- VikingskipArkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine.
- Vikingskip frå sagalitteraturen Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- Kvalsundskipet i vikingskip.com