Viktoria Rebensburg

Viktoria Rebensburg (fødd 4. oktober 1989) er ein tysk alpin skirennar frå Tegernsee i Bayern, som vart olympisk meister i storslalåm i 2010. Ho vann FIS-pokalen som verdas beste storslalåmrennar i både 2011 og 2012.

Viktoria Rebensburg


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 4. oktober 1989 (34 år)
Kreuth
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 2010 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2014 – Storslalåm kvinner

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Den bayerske fortjenstorden

Aktiv endre

Rebensburg kom fyrste gong på pallen i eit verdscuprenn i Cortina d'Ampezzo 24. januar 2010, i yndlingreina storslalåm var det berre finske Tanja Poutiainen som rann fortare. Ein månad seinare sikra Rebensburg seg gullmedaljen i storslalåm under vinterleikane i Vancouver, med ein margin på fire hundredels sekund til sølvvinnaren, Tina Maze frå Slovenia.

23. oktober 2010 vann Rebeensburg opningsrennet i sesongen 2010/11, eit storslalåmrenn i Sölden, hennar fyrste triumf i verdscupen. Seinare i same sesongen vann ho to ny verdscuprenn i storslalåm, i høvesvis Zwiesel og Spindleruv Mlyn. Gjennom sesongen 2011/12 vann ho heile fem renn i verdscupen i alpine greiner, fire i storslalåm samt ei super-g-tevling i Schladming. I 2012/13-sesongen sigra ho i to verdscuptevlingar, føre jul i storslalåm og etter jul i super-g.

Vinteren 2014 vann ho OL-bronsen i storslalåm i Sotsji, bakom Tina Maze og austerrikske Anna Fenninger. Same Fenninger var hennar overkvinne også i VM i alpine greiner 2015, der Rebensburg tok sølvmedaljen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Viktoria Rebensburg