60°22′53.695″N 5°19′45.721″E / 60.38158194°N 5.32936694°E / 60.38158194; 5.32936694

VilVite - Bergen Vitensenter

VilVite er eit såkalla vitensenter på Marineholmen attmed Puddefjorden i Bergen. Senteret er eigd og drive av Bergen Vitensenter AS, og er lagd for at publikum skal kunne skaffe seg lærdom innanfor faga matematikk, naturvitskap og teknologi ved sjølv å eksperimenter med det utstyret som vert stilt til rådvelde for dei. Her er både avansert og enkelt utstyr som publikum kan prøve ut og leike seg risikofritt med, og det er lagt vinn på å skape ei uhøgtidleg atmosfære der dei skal få tiltru til si eiga forståing og sine eigne evner. Føremålet er å få fram kor spanande det er å utforske, eksperimentere og drive med innovasjon.

VilVite er eit resultat av blant anna ein donasjon frå Norsk Hydro på 100 millionar kroner. Senteret har hovudfokus på hav, vêr og energi. Eit spesielt fokus er det på olje og gass og klimaforsking. Dette knyter senteret opp mot Bergen og Vestlandet sin eigenart. I tillegg er emna kropp, kreativitet og bølgjer representert mellom totalt 75 apparat og eksperiment. Senteret held og «forskarkurs» for born og unge og populærvitskaplege foredrag i helgane. Senteret er lagt til rette for å take imot skuleklasser.

VilVite er for folk i alle aldrar og med ulik forkunnskap og føresetnader, men er framfor alt meint for born og unge under utdanning. Difor har VilVite òg ein mobil avdeling kalla VilVite på hjul som vitjar skulane i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane for å gje elevar og lærarar ein annleis skuledag. På programmet står populærvitskaplege show med ulike eksperiment, ei utstilling med naturfag- og matematikkeksperiment der elevane skal drive med forsking på eiga hand i matematikk, fysikk, biologi og kjemi, og til sist undervisningstimar for elevar der det vert teke utgangspunkt i kompetansemåla i naturfag og matematikk i Kunnskapsløftet. Tanken med dette opplegget er å gjere elvar og lærarar nyfikne, og slik stimulere til bruk av engasjerande forsøk i undervisninga.

Administrasjon og eigarforhold

endre

Selskapet Bergen Vitensenter AS vart stifta hausten 2005 og er eigd av Bergen kommune, Hordaland Fylkeskommune, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen og Bergen Næringsråd.

Opphavleg hadde senteret tilhald på Høgskolen i Bergen, men kunne 31. mai 2007 opne i dei noverande lokala på Marineholmen, som er ein ombygd og utvida verkstadhall på det nedlagde skipsverftet som låg her. VilVite har her 3800 rutemeter til rådvelde, derav 2700 rutemeter til utstilling, laboratorium og «klasserom». Det er til saman om lag 60 tilsette i meir enn 33 årsverk, av dei 25 fast tilsette. Resten er deltidstilsette studentar og skuleelever. Administrerande direktør er Svein Anders Dahl.

Tilleggsinntekter for senteret er utleige av lokale til konferansar, arrangering av fødselsdagsfeiring for born og sal av leiker o.l. i eigen butikk.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: VilVite