Vilkitskijøya i Karahavet

(Omdirigert frå Vilkitskij i Karahavet)

Vilkitskijøya (russisk Остров Вильки́цкого; Ostrov Vilkitskogo) er ei øy i Karahavet. Ho ligg 40 km nordaust for Sjokalskogoøya, utanfor Gydanhalvøya nord i Sibir i Russland. Øya er forblåst og dekt av tundra. Vilkitskijøya er halvmåneforma go er delt i to av eit smalt sund. Ho er 42 km lang, men berre 12 km på det breiaste.

Plasseringa av Vilkitskij- og Neupokojevaøya i Karahavet.
Vilkitskij- og Neupokojevaøya

Havet omkring øya er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isflak sjølv om sommaren. Det er eit grunt område mellom Vilkitskijøya og naboøya i sør, Neupokojevaøya (Остров Неупокоева).

Vilkitskijøya høyrer til Tjumen oblast og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Øya må ikkje forvekslast med dei vesle Vilkitskijøyane, som i dag stort sett vert kalla Dzjekmanøyane på dei fleste kart og som er ein del av Nordenskiöldøyane, Vilkitskijøyaane i Laptevhavet utanfor austkysten av Tajmyrhalvøya, samt Vilkitskijøya i Aust-Sibir-havet.

Alle desse øyane er kalla opp etter den russiske hydrografen Andrei Vilkitskij.

KjelderEndra

Koordinatar: 73°28′N 75°45′E