Allium ampeloprasum


Villpurre i Spania.
Villpurre i Spania.

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Asparagales
Familie: Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae
Slekt: Allium
Art: A. ampeloprasum
Vitskapleg namn
Allium ampeloprasum

Villpurre eller staudevårlauk (Allium ampeloprasum) er ei plante i laukslekta Allium. Ho veks naturleg i området frå Sør-Europa til vestlege delar av Asia. Planta ser ut til å ha blitt nytta alt i førhistorisk tid og har på den tida komme til England der ein finn ho på steinete plassar nær kysten i sørvest-England og Wales.[1][2] Villpurre er opphav til fleire foredla grønsaker, der purre, elefantkvitlauk og kurratlauk er dei best kjende.

Skjematisk teikning av villpurre.

Ulike namnEndra

Eit synonym til det vitskaplege namnet Allium ampeloprasum er Allium porrum.

Fleire grønsaker er utvikla frå villpurre. Nokre av dei er:

  • Purre (Allium ampeloprasum var. porrum) - leek (engelsk), poireau (fransk), alho porro (portugisisk), cebolla puerro (spansk)
  • Elefantkvitlauk (Allium ampeloprasum var. ampeloprasum) - great-headed garlic, elephant garlic (engelsk), ail à grosse tête (fransk)
  • Perlelauk (A. ampeloprasum var. sectivum) - pearl onion (engelsk), poireau perpétuel, petit poireau antillais (fransk), alho bravo, alho inglês (portugisisk)
  • Kurratlauk (Allium ampeloprasum var. kurrat) - kurrat (engelsk, fransk).[3]
  • تره, tareh (Allium ampeloprasum ssp. persicum) - (persisk)
  • இராகூச்சிட்டம், iraakuuccittam (tamil)

BiletdømeEndra

ReferansarEndra

  1. Plants for a Future: Allium ampeloprasum
  2. CHRISTOPHER D. PRESTON, DAVID A. PEARMAN, ALLAN R. HALL (2004) Archaeophytes in Britain Botanical Journal of the Linnean Society 145 (3), 257–294 doi:10.1111/j.1095-8339.2004.00284.x, p. 264
  3. Grubben, G.J.H. & Denton, O.A. (2004) Plant Resources of Tropical Africa 2. Vegetables. PROTA Foundation, Wageningen; Backhuys, Leiden; CTA, Wageningen.

BakgrunnsstoffEndra