Vinalopó er ei lita elv i provinsen Alicante i Spania. Ho renn frå nord til sør og med ei lengd på 81 km er ho av dei lengste som berre renn innanfor denne provinsen.

Vinalopó
elv
Vinalopó i Elche
Land  Spania
Nedslagsfelt 1 691,7 km²
Lengd 81,2 km
Areal 1 691,7 km²
Middelvassføring 0,85 /s
Kjelde Bocairente i Valencia
Munning Salinas de Santa Pola, nær Middelhavet
Kart
Vinalopó
38°43′12″ N 0°37′34″ W
Plasseringa til Vinalopó i provinsen Alicante.
Plasseringa til Vinalopó i provinsen Alicante.
Plasseringa til Vinalopó i provinsen Alicante.
Wikimedia Commons: Vinalopó

Gamle historikarar meiner at elva er den same som Alebus, som vert nemnt av Avienus i hans Ora Maritima.

Tre comarcaer i Alicante er kalla opp etter elva: Vinalopó Alto, Vinalopó Medio og Baix Vinalopó, som tyder Øvre, Midtre og Nedre Vinalopó.

Kjelda til elva ligg i eit fjellområde nordvest i Alicante, mellom Bocairent og Banyeres de Mariola. Ho munnar ikkje direkte ut i Middelhavet, men gjennom fleire små acequiaer, som renn sør for Elche og ut i myrområda El Fondó naturpark og Salinas de Santa Pola naturpark.

Kjelder endre

Koordinatar: 38°43′12″N 0°37′34″W