Vince Gill
Vincent Grant «Vince» Gill (fødd 12. april 1957) er ein USA-amerikansk country songar-låtskrivar og multi-instrumentalist. Han har hatt stor suksess både som frontmann i countryrockband Pure Prairie League i 1970-åra og som soloartist sidan 1983. Han har ofte sunge som gjesteartist for andre artistar eller i duettar.
Gill har spelt inn meir enn 20 studioalbum og hatt over 40 singlar inne på countrylista i USA, og seld meir enn 24 millionar album. Han har fått 18 CMA Awards, inkludert årets artist to gonger og fem gonger årets mannlege vokalist. Gill har òg fått 20 Grammyprisar, meir enn nokon annan mannleg countryartist har fått. I 2007 vart Gill innlemma i Country Music Hall of Fame.
DiskografiEndra
Album
- 1984: Turn Me Loose
- 1985: The Things That Matter
- 1987: The Way Back Home
- 1989: When I Call Your Name
- 1991: Pocket Full of Gold
- 1992: I Still Believe in You
- 1993: Let There Be Peace on Earth
- 1994: When Love Finds You
- 1995: The Essential Vince Gill
- 1995: Souvenirs
- 1996: High Lonesome Sound
- 1998: The Key
- 1998: Breath of Heaven: A Christmas Collection
- 2000: Let's Make Sure We Kiss Goodbye
- 2000: 'Tis The Season
- 2003: Next Big Thing
- 2006: These Days
- 2011: Guitar Slinger
- 2013: Bakersfield
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Vince Gill» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2015.