Vindenes er ein stad i Øygarden kommune i Vestland. Staden ligg nordaust på Sotra, tre kilometer nordom Ågotnes. Vindenes reknast frå 2016 som ein del av tettstaden Ågotnes.[1]

Vindenes
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden
Postnummer 5363 ÅGOTNES
Kart
Vindenes
60°25′20″N 4°59′44″E / 60.42222222°N 4.99555556°E / 60.42222222; 4.99555556

Tidlegare var bygda kjent over heile nordsjøbassenget for sine dyktige fiskeskipparar, den fremste av dei var Hans O. Vindenes som på slutten av 50 talet var Norges største fiskebåtreiar.[treng kjelde] I dag held Sotra gruppa til på det gamle fiskebruket, dei driv m.a. Mekanisk industri og internasjonal handel med overskotsmateriell frå oljeverksemda. I sør har industriområdene på Ågotnes breid seg over gardsgrensa og mellom anna FMC ligg på Vindenes. Heilt sør på Vindenes finn ein og den nye ungdomsskulen for Nordre Fjell og vestsida; Tranevågen Ungdomskule.[2]


Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Nye og utgåtte tettsteder, 1. januar 2016». Statistisk sentralbyrå. 1. januar 2016. Henta 17. april 2018. 
  2. «Om oss Tranevågen ungdomsskule». Øygarden kommune. 19.01.2023. Henta 29. desember 2022. 
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.