60°24′54.979″N 6°31′41.322″E / 60.41527194°N 6.52814500°E / 60.41527194; 6.52814500

Vines skule i mai 2010. Til høgre ligg ein frukthage i bløming

Vines skule var ein barneskule i Ullensvang herad. Skulebygget ligg i grenda Vines ved Indre Samlafjorden, kring 7 km frå Utne, og var barneskule for ungane i området frå grensa mot Jondal til og med Utne, det vil seia alle som hadde Utne til postadresse. Skulen hadde elevar frå 1. til 7. klassetrinn, og hadde 29 elevar i 2008. Etter 7. klasse fortsette elevane skulegonga si på Hauso skuleHauso ved Sørfjorden.

Nedlegging endre

Hausten 2011 vedtok Ullensvang herad at Vines skule skulle leggjast ned frå og med våren 2012. Hovudgrunnane var lågt elevtal og dårleg økonomi, men ein annan grunn var at rektoren, Audny Teigland skulle gå av med pensjon etter skuleåret 2011/2012. Dersom skulen skulle halda fram, måtte ein søkja etter ny rektor. Resultatet vart nedlegging, og elevane frå tidlegare Vines skule går på Hauso skule frå og med hausten 2012.[1]

Fotnote endre

Bakgrunnsstoff endre