Vinterbro

Vinterbro er eit tettbygd område nord i Ås kommune i Akershus i Viken.

Det er eit kommunikasjonsknutepunkt som ligg to mil sør for Oslo sentrum. Ved Vinterbro kryssar hovudvegane Europaveg 6 og Europaveg 18 kvarandre i eit stort vegkryss, og gjev to alternative innkøyringar til Oslo frå sør. E6 fører sørover til Göteborg over Svinesund, medan E18 fører austover til Stockholm over Ørje.[1]

På Vinterbro ligg moroparken Tusenfryd. Kjøpesenter, pukkverk og Nordre Follo kloakkverk ligg også her.[1]

Nøstvet-øksa frå den eldre steinalderen blei funne på Sjøskogen i området.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Askheim, Svein (22. januar 2020). «Vinterbro». Store norske leksikon (på bokmål).