Virulens

graden av patogenisitet i ei gruppe eller ein art av parasittar

Virulens, som definert av MeSH, er graden av patogenisitet i ei gruppe eller ein art av parasittar, som målt ved letaliteten og/eller evna organismen har til å infiltrere cellevev hjå verten. Patogensiteten til ein organisme - evna til å skape sjukdom - er bestemd av virulensfaktorane til organismen.[1] Substantivet virulens kjem frå adjektivet virulent. Virulent kan både skildre sjukdomsgraden og infektiviteten til eit patogen.[2] Ordet virulent stammar frå det latinske ordet virulentus, som tydar «eit forgifta sår» eller «full av gift».[2][3]

I økologien kan virulens definerast som det parasitt-induserte fitnesstapet til verten. Virulens kan sjåast på med proksimate årsaker — dei spesifikke trekka i patogenet som fører til at verten vert sjuk — og ultimate årsaker — det evolusjonære presset som fører til at virulente trekk oppstår i patogena.[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. MeSH - Medical Subject Headings, Karolinska Institute, 13 April 2010, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 2. januar 2015 
  2. 2,0 2,1 Compact Oxford English Dictionary virulent Arkivert 2020-04-23 ved Wayback Machine.
  3. A Latin Dictionary virulentus
  4. Encyclopædia Britannica Online, 25 May 2009. "plant disease development"